Knivsflå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knivsflå ligg like innanfor Dei sju systrene, rundt 250 meter over Geirangerfjorden
Foto: Frode Inge Helland

Knivsflå er ein fjellgard ved Geirangerfjorden i Stranda i Møre og Romsdal fylke. Garden ligg på ei fjellhylle 250 moh. på nordsida av fjorden. Like ved garden ligg Dei sju systrene som tidlegare vart kalla Knivsfossane.

På Knivsflå dyrka dei korn til eige bruk. Det gode fjellbeitet gjorde at dei kunne ha mange dyr. På det meste fødde dei meir enn 15 storfe og omkring 100 geiter. Denne garden vart i eldre tid rekna som den beste av fjordgardane. Garden har to setrar. Den lengst til fjells ligg to og ein halv time i gangavstand frå tunet.

Det ulende terrenget førte til at mange kom til skade eller vart ihel slegne. Ein kjenner til at seks menneske har mist livet i område rundt garden.

Ein finn garden nemnd som øydegard i 1603. For det meste har han vore einbølt. På siste halvdel av 1800-talet var her to bruk. Knivsflå vart fråflytt i 1898. Ein fjellhammar ovanfor husa vart vurdert til å kunne rause ut. Etter synfaring konkluderte kommunestyret med at «gaarden besluttes fraflyttede». Dei to familiane, som båe hadde store syskenflokkar flytte til Geiranger. Båe stovehusa vart nedteke og oppsett som ny heim på Maråk i Geiranger. I åra etter dei flytte heldt eigarane fram med å slå på Knivsflå. Dei turka høyet, førte det til fjorden med løypestrengar, og rodde det inn til dei nye heimane sine. Det vart drive slått heilt opp på 1960-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]