Knollekalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knollekalk i Černá rokle i Praha.

Knollekalk er ein bergart som består av lyse knollar av kalkstein i ein mørkare skifer. Knollane ligg tett i knollekalk, men når dei ligg meir spreidde vert bergarten kalla knolleskifer.

Bergarten er danna ved at kalk- og leirerikt slam på havbotn er vorte avsett vekselvis.

Bergarten er vanleg i Oslofeltet, særleg frå kambrosiluravleiringane frå ordovicium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bryhni, Inge. (14. februar 2009). Knollekalk. I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.