Knop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knop er i utgangspunktet ein knute på eit tau, men er mest brukt som mål for hastigheita på båtar og luftfartøy. Ein knop er lik ei hastigheit på ei nautisk mil (1852 m) per time.

Den historiske årsaka til namnet er at ein tidlegare brukte ei line med knopar til å måle fart. Lina vart lagt ut i den farten fartøyet bevega seg med, og knopar på lina vart talde i eit halvt minutt (30 s). Avstanden mellom to knopar på lina må vere 15,43 m om farten skal reknast til nautisk mil per time, fordi det er 120 halvminutt i ein time, og 1852 m / 120 = 15,43 m.

Knop blir forkorta kn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]