Knoppskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knoppskarv

Status i verda: LC Livskraftig

Knoppskarvar på Antarktishalvøya.
Knoppskarvar på Antarktishalvøya.

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: P. atriceps
Vitskapleg namn
Phalacrocorax atriceps
King, 1828

Knoppskarv [1] (Phalacrocorax atriceps) er ein fugl i skarvefamilien. Fuglen lever på dei subantarktiske øyane, på Antarktishalvøya og i det sørlege Sør-Amerika.

Knoppskarven kan bli opp til 78 cm lang og vega opp til 3,5 kg. Fjørdrakta er svart på størsteparten av kroppen, bortsett frå den kvite fargen på halsen og magen. Han kan kjennast att på ein ring med blå hud rundt augo, rosaaktige føter og ein guloransje knopp over nebben; difor det norske namnet. Arten kan delast inn i mange underartar med varierande utsjånad.

Knoppskarven lever i store koloniar på område som han gjerne deler med klippehopparpingvin, svartbrynalbatross og magellanskarv. Fuglane er monogame og lagar reir av tang, gras, gjørme og guano. Vanlegvis legg dei 2-3 egg som blir klekka ut etter ca. 5 veker. Foreldra byter på ruginga. Fuglane lever av småfisk, blekksprutar, sniglar, krepsdyr og børsteormar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]