Knoppurtslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knoppurtslekta


Stjerneknoppurt (Centaurea solstitialis)
Stjerneknoppurt (Centaurea solstitialis)

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Underklasse: Magnoliopsida
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Centaurea
Vitskapleg namn
Centaurea
L, 1753

Centaurea eller knoppurtslekta er ei planteslekt med eitt- eller fleirårige urtar i korgplantefamilien. Slekta har mellom 350 og 600 artar og er utbreidd på den nordlege halvkula, i Sør-Amerika og Australia.

Dei fleste artane finst i Mellomhavsområdet, og på steppene i Aust-Europa og Asia. I Europa er det ca. 200 artar. Plantane likner på tistler. Dei viltveksande artane i Noreg har raude blomstrar, og har ikkje stikkande blad. Mange artar i denne slekta blir dyrka som hageplantar.

Nyare forsking har synt at denne slekta bør delast i fleire mindre, men det er enno (2012) ikkje komme fram til ein ny taksonomi.

Norske artar[endre | endre wikiteksten]

  • Raspknoppurt C. aspera Sjeldsynt ugras.
  • Tistelknoppurt C. calcitrapa Sjeldsynt ugras.
  • Kornblom C. cyanus. Tidlegare vanleg som ugras i kornåkrar, derav namnet. No hageplante.
  • Engknoppurt C. jacea. Vanleg på Aust, Sør- og sørlege delar av Vestlandet, mer spreidd nord til Finnmark.
  • Honningknoppurt C. montana Ikkje viltvoksande i Noreg, men ei hageplante, som ofte blir forvilla.
  • Svartknoppurt C. nigra Kyststrøk frå Østfold til Trøndelag.
  • Parykk-knoppurt C. phrygia ubssp. phrygia. Berre i Verran kommune i Nord-Trøndelag.
  • Skjeggknoppurt C. phrygia subsp. pseudophrygia Kyststrøk frå Vest-Agder til Sogn.
  • Fagerknoppurt C. scabiosa. Vanleg på Austlandet, meir spreidd nord til Troms.
  • Stjerneknoppurt C. solstitialis Sjeldsynt ugras.

Parykk-knoppurt og skjeggknoppurt, Centaurea phrygia, er freda etter Naturvernloven.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Knoppurtslekta