Knossos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rekonstruert bygg på Knossos.

Knossos (gresk Κνωσός) er den største arkeologiske funnstaden på Kreta, og truleg det seremonielle og politiske senteret til den minoiske kulturen. Det ligg i nærleiken av den noverande byen Iráklio.

Knossos er eit populært turistmål i dag. Delar av det har vorte «oppattbygd», noko som gjer det tilgjengeleg for tilfeldige vitjande på ein måte som eit arkeologisk felt av umerka ruinar ikkje er. Denne måten å rekonstruere ruinar på har ein i arkeologien gått vekk frå. Grunnen til det er mellom anna at rekonstruksjonen er basert på ein usikker teori om korleis det ein gong har sett ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Knossos

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Hellas å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.