Knud Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå og fotografen Knud Knudsen (1832 - 1915)
Knud Knudsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. januar 1812
Holt kommune
Død

4. mars 1895 (83 år)
Christiania

Yrke lingvist, filolog, pedagog
Språk norsk
Knud Knudsen på Commons

Knud Knudsen (6. januar 18124. mars 1895) var ein norsk lærar og språkforskar. Knudsen er rekna som ein viktig person i utviklinga frå reint dansk skriftspråk i Noreg til norskdansk riksmål og bokmål. I motsetnad til Ivar Aasen gjekk Knudsen inn for å skapa eit eige norsk skriftspråk ved å ta inn norske former i det danske skriftspråket.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Knud Knudsen vart fødd 6. januar 1812 i Holt ved Tvedestrand. Han var lærar i folkeskulen i heimbygda før han tok filologisk embetseksamen i 1840 ved Christiania universitet. Frå 1840 til 1846 var han adjunkt på lærarskulen i Drammen, og arbeidde seinare på Christiania katedralskole som adjunkt (1846-1852) og seinare som lektor eller "over-lærer" frå 1852 til 1880.

Målstrev[endre | endre wikiteksten]

Knudsen var ein motstandar til den klassiske utdanninga, og fremja fyldigare og meir omfattande undervisning i morsmålet, historie og realfag. Han er likevel mest kjend for "målstrevet", eit arbeid som utgjer ein parallell til Ivar Aasen sin kamp for innføring av landsmålet. Knudsen ville, i staden for å laga eit nytt skriftspråk bygt på dei norske dialektane, endra det danske språket som var i bruk i Noreg i tråd med norsk uttale (t.d. p, t og k i staden for b, d, g) og erstatta ein del framande ord med uttrykk frå talemålet til ålmugen. Fram til 1858 var nok motsetnaden mellom Knudsen og Aasen ikkje oppfatta som så stor. Motsetnaden gjekk fyrst mellom dei som ville endre språkstoda (Wergeland, Aasen, Knudsen mfl.) og dei som ikkje ville endre språkstoda (P.A. Munch mfl.). I 1858 vart motsetnadene formulerte tydelegare, i samband med den sterke motstanden mot Ivar Aasens omsetjing av "Frithjofs Saga", motstanden mot Vinjes blad Dølen og motstanden mot Jan Prahl sitt arbeid. Utover på 1860-talet kom der ei yttarlegare markering av skiljeliner mellom det vi i dag kallar Knudsen-lina og Aasen-lina.

I motsetnad til Ivar Aasen gjekk ikkje Knud Knudsen systematisk og empirisk til verks for å definere ein klår struktur for skriftspråket. Han fylgte sin eigen intuisjon for kva han meinte var "den landsgyldige norske uttale". Hans program var dermed opnare enn det Aasen sette fram, på den måten at skriftspråket i prinsippet kunne endrast i høve til endringar i "den landsgyldige norske uttale".

Knudsens språkframlegg[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei viktigaste språkframlegga til Knudsen som etter kvart fekk gjennomslag, var:

  • Fjerne stum e (faa istf. faae).
  • Fjerne dobbeltskriving av lange vokalar (Hus istf. Huus, ren istf. reen).
  • Fjerne c, ch og q for lyden k (Kontrol, Karakter og kvalm istf. Control, Charakter og qualm).
  • Innføre harde konsonantar (p, k, t) etter lange vokalar (løp, Fat og Tak istf. løb, Fad og Tag).
  • Fjerne stum d i ord som Fjeld og finde.
  • Fjerne store forbokstavar i substantiv.
  • Kortformer av fleire danskinspirerte ord (Mor og Far istf. Moder og Fader)

I tillegg til desse meir ortografiske reformframlegga, må det nemnast at Knudsen var purist, og på det leksikalske området må han karakteriserast som ein av dei mest ekstreme puristane i norsk språkhistorie. I hovudverket sitt, "Unorsk og norsk eller fremmedords avløsning" (1881) har han 987 sider med framlegg til avløysarord for ord han meinte var "unorske". Knudsen deltok òg i offentleg ordskifte imot framandord og "unorske" ord. Men ordpurismen til Knudsen fekk heller lita gjennomslagskraft i bokmålsnormeringa.

Død[endre | endre wikiteksten]

Den 4. mars 1895 døydde Knudsen i Kristiania. Han testamenterte formua si på 20.000 kroner til ei stifting for fremjing av det norsk-danske "maalstrævet".

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Haandbog i dansk-norsk sproglære, (1856)
  • Er norsk det samme som dansk? (1862)
  • Modersmaalet som skolefag (1864)
  • Det norske maal-stræv (1867)
  • Nogle spraak- og skolespörgsmaal (1869)
  • Den landsgyldige norske uttale (1876)
  • Unorsk og norsk eller fremmede ords avlösning, (1879-1881)
  • Af maalstriden 1881 (1881)
  • Norsk blandkorn (3 samlingar, 1882-1885)
  • Latinskole uten latin (1884)
  • Hvem skal vinne? (1886)
  • Tyskhet i norsk og dansk (1888).
  • Norsk maalvekst fra 1852 å regne (1894)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]