Knut Lavard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Knud Lavard)
Denne artikkelen handlar om den heilage hertugen Knut. For kongen, sjå Knut den heilage.
Knud Lavard

Fødd1096 i Roskilde
Roskilde
Død7. januar 1131 i Haraldsted Skog ved Ringsted
Knud Lavards Chapel
TittelHertug av Slesvig
Alle titlarknjaz
Hus eller slektEstridsen
GravstadSt. Bendts kirke
LandDanmark
MorBodil Thrugotsdatter
FarErik Eiegod
EktefelleIngeborg av Kiev
BarnValdemar I av Danmark, Kristin Knutsdatter, Margrethe Knudsdatter, Katarina Knudsdatter

Knud eller Knut Lavard (10967. januar 1131) kjend som Heilage Knut, var ein dansk kongsson og opphav til kongeslekta valdemarane. Han blei drepen av mennene til danskekongen, onkelen sin, og seinare utropt til helgen etter oppfordring frå sonen sin, Valdemar I av Danmark. Tilnamnet «Lavard» tyder 'herre' på saksisk og andre germanske språk (jf. engelsk lord), med den opphavlege tydinga «brødgjevar».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Knut var son av Erik Eigegod og Bodil Thrugotsdotter. Han blei utnemnd av kong Niels til jarl av Sønderjylland i 1115, ei stilling han nytta til å føra erobringskrigar mot det vendiske folket i Holstein, obodritane. Desse tok han så til konge. Dette fjerna ei kjelde til uro i Det tysk-romerske riket, og Knut blei utnemnd til hertug av Holstein. Han tok same tittel for sitt danske len, som heretter blei kjend som Hertugdømet Slesvig. Knud Lavard har meir eller mindre indirekte vore årsaka til stridane om Slesvigområdet i 1848 og 1864, ved å vera underlagt den danske kongen og den tyske keisaren samstundes.

Knud Lavard var gift med Ingeborg av Kiev (Ingeborg Haraldsdotter), og med henne fekk han fire barn: Margret, gift med Stig Hvitelær (=Hvide) i Skåne, Kristin, gift med Magnus Blinde av Noreg, Katarina (Karin), og den seinare kong Valdemar den store, som blei fødd få dagar etter at faren døydde.

Under eit familiebesøk i Haraldsted blei Knut Lavard drepen av fetteren sin, kong Niels sin son Magnus den sterke, som såg han som ein farleg konkurrent til trona. Etter drapet braut det ut ein blodig borgarkrig som varte i 28 år, fram til Valdemar den store kom på trona.

Helgen[endre | endre wikiteksten]

Der Knut blei drepen skal det etter sogene ha sprunge fram ei kjelde der graset heldt seg grønt sjølv om vinteren. Kroppen hans blei teken med til Ringsted kyrkje, og der kista hans stod skal det òg ha sprunge fram ei kjelde. Etter dette blei Ringsted kongsstad og gravstad for Valdemar-slekta.

I 1169 fekk Valdemar den store paven til å oppta Knud Lavard som helgen. Festdagen hans er dødsdatoen, den 7. januar. Denne dagen er i Noreg mellom anna kjend som Sankt Knut, Avfaredagen og Eldbjørgdag. Han er markert på primstaven, nokre gonger med ein kross, andre goner med ei klokke, etter rimet «Sankte Knut ringar jula ut.» Over heile Norden vart denne dagen rekna som den siste i juletida. Dagen er seinare blitt flytt til 13. januar, kjend som tjuandedagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Sankt Knut» i Store norske leksikon, snl.no.