Knudaheio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knudaheio våren 2007
Foto: Jarle Vines
Skulptur i stein av Arne Garborg, ved skrivestova hans i Knudaheio. Steinansiktet All denne fagre utsyn, er laga av kunstnaren Hugo Frank Wathne.
Foto: Onar Vikingstad

Knudaheio er eit hus (eller ei hytte) bygd i jærhus- stil. Knudaheio var sommarhuset til forfattaren Arne Garborg. Knudaheio ligg 0,5 km frå tettstaden Undheim på vegen opp mot høg- Jæren. Hytta stod ferdig i 1899. Brevsamlinga Knudaheibrev, utgjeve i 1904, vart for det meste skrivne her. Arne og Hulda Garborg er gravlagde i ein haug i hagen på eigedommen. Time kommune eig eigedomen, og er om somrane ope som eit museum. Drifta vart i 2012 overtatt av Jærmuseet, formidlinga går gjennom Garborgsenteret. I 2016 opna Noregs største litterære digitale formidlingsløype, Garborgløypa, i Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje.

Om hytta[endre | endre wikiteksten]

Hytta er som ho var då Arne Garborg budde der. Innreiing og inventar er autentisk, og utvendig er hytta som ho såg ut i 1909, då Garborg fekk sett ho skikkeleg i stand. Opphavleg hadde hytta torvtak og haljekledde vegger. Inne er det utstilling av bilete teke av Garborg i og utanom huset, diktaren sine møblar og andre eigedelar, i tillegg til kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]