Knut Blom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knut Blom (14. februar 19166. februar 1996), fødd i Kristiania var ein norsk jurist, advokat og høgsterettsdommar. Han var medlem av Høgsterett frå 1968 til 1986.

Han tok examen artium i 1934, og blei cand.jur. i 1939. Han blei tilsett som fullmektig hos Carl Fridtjof Rode i Melbu same året, og overtok advokatkontoret då Rode blei kalla inn til militærteneste kort tid etterpå. Frå 1940 til 1942 var Blom dommarfullmektig i Jæren heradsrett, og frå 1942 var han advokatfullmektig hos Sven Arntzen, frå 1947 partner. Under den tyske okkupasjonen var Blom eit sentralt medlem av leiinga av Heimefronten.[1]

Blom arbeidde som advokat til 1968, og var forsvarar i Oslo byrett 1953 til 1956, Eidsivating lagmannsrett 1956-1965 og Høgsterett 1965 til 1968. Frå 1968 til han gjekk for aldersgrensa i 1986 var han høgsterettsdommar. [1] Han skrive juridiske fagbøker, mellom anna Sakførerens rettslige Ansvar (1947) og Prisloven med kommentarer (1954).

Han blei dekorert med Deltakarmedaljen og i 1978 mottok han St. Olavs Orden. Han døydde i Oslo.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Michelsen, Hans. Helle, Knut. ed. Knut Blom. Oslo: Kunnskapsforlaget.