Knut Fægri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knut Fægri (17. juli 190910. desember 2001) var professor i botanikk ved Universitetet i Bergen.

Utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Fægri voks opp i Sandviken i Bergen. Han tok examen artium ved Bergen Katedralskole som 17-åring og starta forskarkarrieren sin på slutten av 1920-åra med å studere plantane ved Jostedalsbreen og Nigardsbreen i Luster kommune. Fægri tok doktorgraden i 1934 på eit arbeid om langtidsvariasjon og plantesuksesjon ved Jostedalsbreen[1] og var tilsett ved Universitetet i Bergen frå starten i 1948, og før det ved Christian Michelsens Institutt (1934-1946) og Bergen Museum 1946-1948).

I mange år var han formann i Studentsamskipnaden.

I 1979 gjekk Fægri av med pensjon, men han heldt fram som professor emeritus på Botanisk Institutt ved Universitetet i Bergen til han døydde.

Han vart utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden i 1979 for sitt mangesidige vyrke for norsk vitskap.

I 1999 vart Knut Fægri utpeikt som ein av dei mest betydelege botanikarane i det 20. hundreåret (The Millenium Botany Award). Det skyldtest først og fremst to av fagbøkene han hadde skrive. Den eine om pollenanalysen som metode[2], den andre om pollineringsøkologi[3] Begge desse bøkene er blitt ståande som internasjonale klassikarar i botanisk faglitteratur og begge kom i fleire reviderte utgåver på mange språk. Utover desse to fagbøkene hadde Fægri ein enorm produksjon av fagbøker og populærvitskaplege arbeid. Blant dei fleire bøker om krydder, ei bok om Henrik Wergelands blomster og eit stort bokverk med tittelen Norges Planter. Fægris bibliografi utarbeidd ved Fægris død inneheld 570 punkt.[4]

I meir enn tretti år var professor Fægri redaktør for det populærvitskaplege tidsskriftet Naturen.

Fægri var son til major Ole A. Fægri (1875–1962) og Gudrun Stoltz (1881–1940) og gift 1941 med museumsbestyrer Nancy Meyer (1912–2007). Han var far til professor Knut Fægri jr. og nevø av botanikaren Jørgen Brunchorst.

Bibliografi (utvalg)[endre | endre wikiteksten]

Vitskapspublikasjoner[endre | endre wikiteksten]

  • Über die Längenvariationen einiger Gletscher des Jostedalsbre und die dadurch bedingten Pflanzensukzessionen (1934)
  • Quartärgeologische Untersuchungen im westlichen Norwegen I-II (1935–40)
  • Studies on the Pleistocene of Western Norway III-IV (1943–49)
  • Text-Book of Modern Pollen Analysis (4 utgaver 1950-1989, med Johannes Iversen)
  • Norges planter I (1958)
  • Norges planter II 1960)
  • The Distribution of Norwegian Vascular Plants: Coast Plants (1960)
  • The Principles of Pollination Ecology (1966, med L. van der Pijl)

Poulærutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Krydder (1966)
  • Dikteren og hans blomster (1988)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fægri, K. 1934. Über die Längenvariationen einiger Gletscher des Jostedalsbre und die dadurch bedingten Pflanzensukzessionen. Bergens museum Årbok, naturvidenskapelige rekke 7: 1-255.
  2. Fægri, K. & Iversen, J. 1989. Textbook of pollen analysis. 4. rev. utg. Fægri, K., Kaland, P.E. and Krzywinski, K. (red.). John Wiley & Sons. 328s.
  3. Fægri, K & van der Pijl, L. 1979. The priciples of pollination ecology. 3. utg. Fægri, K, (red.). Pergamon Press. 244s.
  4. Moe, D. 2002. Bibliographica Fægriana En bibliografi over prof. Knut Fægris litterære produksjon, Blyttia 60(1): 4-13

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Moe, Dagfinn. 2002. «Minneord. Professor dr. philos, dr. h. c. Knut Fægri snr. 17.07.1909 – 10.12.2001», Blyttia 60(1): s. 3-4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]