Knut Frydenlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knut Frydenlund.
Knut Frydenlund si grav på Vestre gravlund i Oslo

Knut Olav Frydenlund (31. mars 192726. februar 1987), fødd i Drammen, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han gav også ut ei rekkje bøker. Frydenlund var tilsett i utenrikstenesta frå 1953. Han var stortingsrepresentant frå 1969, og utanriksminister i Trygve Bratteli si andre regjering, Odvar Nordli si regjering og Gro Harlem Brundtland si første regjering, frå 1973-1981 og i Gro Harlem Brundtland si andre regjering frå 1986-1987. Frydenlund er etter Halvard Lange den norske utanriksministeren som har site lengst. Han var ein sterk forkjempar for norsk EF-medlemskap i 1972.

Frydenlund hadde ein høgt utvikla humoristisk sans og blei ofte omtala som «det gode mennesket frå Drammen». Han døydde plutseleg av hjerneblødningUllevål sjukehus i Oslo i byrjinga på den andre perioden som utanriksminister, nær 60 år gammal. Han blei gravlagd frå Oslo domkyrkje den 6. mars, til stor deltaking frå både det offisielle Noreg og publikum.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Frydenlund: «Politisk samarbeid i Vest-Europa», 1962
  • Knut Frydenlund: «Norsk utenrikspolitikk i etterkrigstidens internasjonale samarbeid», Tidens ekko-bøkene;2, 147 s., Norsk utenrikspolitisk institutt, 1966.
  • Knut Frydenlund: «Norge og det europeiske fellesskap», 1967
  • Knut Frydenlund: «Nato og Norge etter 25 år», 1974
  • Knut Frydenlund: «Fredelig og balansert utvikling i Arktis : viktig mål for norsk utenrikspolitikk», Nordisk Kontakt, No.14, 1974.
  • Knut Frydenlund: «Utviklingen i forholdet øst/vest», 1976
  • Knut Frydenlund: «Norsk sikkerhetspolitikk i 1980-årene», 1981
  • Knut Frydenlund: «Lille land - hva nå? : refleksjoner om Norges utenrikspolitiske situasjon», 213 s., Universitetsforlaget, 1982, ISBN 82-00-06197-3 (ib.)
  • Knut Frydenlund: «The future of East-West relations», 1986
  • Knut Frydenlund: «En bedre organisert verden», 316 sider, Tiden, Oslo, 1987.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

.