Knut Getz Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knut Getz Wold
Foto: Norges Bank

Knut Getz Wold (fødd 3. august 1915 i Verdal, død 9. oktober 1987) var ein norsk sosialøkonom som var sentralbanksjef i Noregs Bank frå 1970 til 1985.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Wold vart utdanna Cand.oecon ved Universitetet i Oslo i 1939, før Ragnar Frisch fekk han tilsett ved Universitetet. Her jobba han i prosjekta til universitetet som omhandla ein strukturoversikt for Noreg, der han jobba med temaa kosthald, levestandard og økonomi, som han òg jobba vidare med ved Stockholms Högskola.

I 1941 flytta han til London, for å jobbe for den norske eksilregjeringa der, i Finansdepartementet. Han jobba i Finansdepartementet òg etter andre verdskrigen, og gjekk i 1948 over Handelsdepartementet, som ekspedisjonssjef, etter ein kort periode i Sosialdepartementet frå 1947. Medan han jobba i Handelsdepartementet jobba han òg mykje internasjonalt; han deltok bl.a i forhandlingane om ein nordisk tollunion på 1950-talet, ein union det rett nok ikkje vart noko av, og landa vart i staden med i EFTA frå 1960. Han var òg medlem av Den europeiske betalingsunionen og etterfølgjaren Den europeiske valutaavtalen (EMA) i til saman 18 år.

I 1958 byrja han i Noregs Bank, som nestsjef under dåverande sentralbanksjef Erik Brofoss. Her leia han bl.a Den pengen- og kredittpolitiske komitéen. Då Brofoss slutta i 1970 var Wold ein naturleg arvtakar, og han vart verande sentralbanksjef fram til 1985.

Utnemningar[endre | endre wikiteksten]

  • Kommandør av St. Olavs Orden (1975)
  • Kommandør av Dannebrogordenen
  • Storoffiser av Islands Falkeorden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]