Knut Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Hauge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mai 1911
Død

13. april 1999 (87 år)

Yrke skribent, barnebokforfattar

Knut Hauge (31. mai 191113. april 1999) var ein norsk gardbrukar og forfattar.

Hauge var fødd i Lomen i Vestre Slidre. Han oppnådde stort sal av bøkene sine og anerkjenning frå litteraturkritikarar. Forfattarskapen vart løna med pristildelingar. Trass i dette vert han mange gonger omtala som ein av dei mest lesne og minst omtala forfattarane i Noreg.

Særleg dei historiske romanane til Hauge nådde ut til ein vid lesarkrins. Romanen Ein roman om kjærleiken og om døden (1976) er mellom dei mest seljande bøker på nynorsk nokonsinne.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • No går det bra! - skodespel (1939)
  • Krossen under Torfinshø. Roman frå 1750 åra - roman (1948)
  • Verda var atter ung - roman, (1950)
  • Helten og brotsmannen - skodespel (1951)
  • Andris Eivindson Vang og verket hans. Eit 100-års skrift - biografi (1951)
  • Garden i eventyret - skodespel (1954)
  • Nymåne over Filefjell - roman (1955)
  • Vesle Bill i aktivitet - skodespel (1956)
  • Vandring i sommarland - (1959)
  • Vestre Slidre sparebank : 1860-1960. Litt om banken og bygda si soge gjennom hundre år - sakprosa (1960, saman med Andris Hamre)
  • Møte i grenselandet - skodespel (1960)
  • Pekka, elva og eventyret - (1962, illustrert av Borghild Rud)
  • Jerven - skodespel (1962)
  • Kross og kvitsymre - roman (1965)
  • Dei løynde kjeldene. Soga om Ulf Audunsson og Sara Ivarsdotter 1755-1800 - roman (1967)
  • Brev fra Rognerud - (1967, utgjveve under pseudonymet Ola)
  • Nye brev fra Rognerud - (1968, utgjve under pseudonymet Ola)
  • Ulfssønene. Roman frå 1800-1850 - roman (1969)
  • Brev frå havet. Tretten noveller om kjærleik - noveller (1970)
  • Tidevatn. Roman frå siste delen av 1800-åra - roman (1971)
  • Lomen stavkyrkje frå ca. 1200-åra og fram til 1970 - sakprosa (1971)
  • Spelemannen Siljufløyt : Per Ulfssons barndom - roman (1973)
  • Einsame ulvar : Per Ulfssons ungdom - roman (1975)
  • Ein roman om kjærleiken og om døden - roman (1976)
  • Juvet. Per Ulfssons mogne år - roman (1978)
  • Enno ein vår. Boka om Per Ulfssons seine år - roman (1980)
  • Veng og Vale og Siv - noveller (1982)
  • Nå blomstre Smiuheggen. Brev fra Rognerud - (1983, illustrert av Gunnar Bratlie)
  • For lenge lenge sidan. Stemningar og streif frå ei tid som var (1985, illustrert av Einar Sigstad)
  • Vandring i Valdres - (1988, illustrert av Egil Torin Næsheim)
  • Prolog til ei svunnen tid. Roman frå 1920-30 åra - roman (1989, illustrert av (Håkon Aasnes)
  • Diktardraum. Dagbok 1931-1940 - dagboksnotater (2003). Utgjeve etter at Hauge døydde.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]