Knut Liestøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Liestøl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1881
Åseral
Død

26. juni 1952 (70 år)
Oslo

Yrke professor, politikar
Politisk parti Venstre
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Knut Liestøl på Commons

Knut Liestøl (13. november  188126. juni 1952) var professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo frå 1917 til 51. (Faget er seinare kalla folkloristikk.) Liestøl vart fødd i Åseral, og døydde i Oslo.

Knut Liestøl vart student i 1902, og cand. philol. i 1908 innanfor britisk språk og filologi. I 1908 vart han tilsett som dosent i landsmål, og kom i kontakt med Moltke Moe og vart medarbeidaren hans i samband med utgjeving av folkeviser. Liestøl tok doktorgrad på avhandlinga Norske trollviser og norrøne sogor i 1915, og etterfylgde to år seinare Moltke Moe som professor i folkeminneforsking. I takksemd til venen og læremeister gav Liestøl ut Moltke Moes Samlede Skrifter I-III (1925-27) og forelesingsrekkja hans over dei «Episke grundlove», som føljetong i tidsskriftet Edda (1914-17).

Knut Liestøl var statsråd i kyrkje- og undervisingsdepartementet 1933-35, og skal ha vore den som av det engelske British Broadcasting Corporation laga namnet Norsk Rikskringkasting. Liestøl tok initiativet til opprettinga av Norsk Folkeminnelag. Han var sekretær frå laget i tida 1920 til 1951. Han sat òg som medlem av Norsk Folkemuseum sitt styre 1938-52.

Liestøl hadde vidtfemnande faglege interesser over heile det folkloristiske fagfeltet, og innanfor sagaforskinga, der han vart ein talsmann for den såkalla «norske skulen», som hadde det synet at fornaldersogene vart til i Noreg som munnleg litteratur lenge før landnåmstida, og vart tekne med til Island der dei vart skrivne ned og tekne vare på for ettertida.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • (sm.m. Moltke Moe): Norske folkeviser fra middelalderen. Jacob Dybwads Forlag. Kristiania 1912.
  • Norske trollvisor og norrøne sogor. Olaf Norlis Forlag. Kristiania 1915.
  • (sm.m. Moltke Moe): Norske folkeviser. Folkeutgave. Band I-III. Jacob Dybwads Forlag. Kristiania 1920-24.
  • Norske ættesogor. Olaf Norlis Forlag. Kristiania 1922.
  • Målreising. Olaf Norlis Forlag. Oslo 1927.
  • Upphavet til den islandske ættesaga. Aschehoug Forlag. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo 1929. (Oversettelser: The Origin of the Icelandic Family Sagas. Oslo 1930. Der Ursprung der Isländersaga/Tradition und verfasser in der Isländischen Familiensaga. Darmstadt 1974.)
  • Saga og folkeminne. Olaf Norlis Forlag. Oslo 1941.
  • Helsingshefte til Knut Liestøl på 60-årsdagen hans 13. november 1941 frå Syn og Segn. Det norske samlaget. Oslo 1941.
  • Scottish and Norwegian Ballads. Studia Norvegica No. 1. 1946.
  • Draumkvædet. A Norwegian Visionary Poem from the Middle Ages. Studia Norvegica No. 3. 1946.
  • P. Chr. Asbjørnsen. Mannen og livsverket. Johan Grundt Tanum. Oslo 1947.
  • Moltke Moe. Aschehoug Forlag. Oslo 1949.
  • Knut Liestøl. In memoriam. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 76. Oslo 1955.
  • Ivar Aasen. Norske Folkeskrifter nr. 95. Oslo 1963.
  • Den norrøne arven. Universitetsforlaget. Oslo 1970.
  • Botnedalen. Illustrert av Harald Kihle og Henrik Sørensen. Tokke historielag. Oslo 1984.

Nokre utvalde artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • Brørne Grimm og Folkeminni (s. 1-16). Syn og Segn. Kristiania 1916.
  • Folkevisa om sjøfolk i hungersnaud (s. 36-49). Arv. Tidskrift för nordisk folkminnesforskning. Årg. 6. Uppsala 1950.
  • Kva veit me om runetrolldom? Gula Tidend 4. juli 1952.

Litteratur om Knut Liestøl[endre | endre wikiteksten]

  • Brynjulf Alver: Knut Liestøl (1881-1952) (s. 385-405). Dag Strömbäck (red:) Leading Folklorists of the North. Universitetsforlaget. Oslo 1971.
  • Olav Bø: "Knut Liestøl" (s.87-101). Norveg. Folkelivsgransking 25. Universitetsforlaget. Oslo 1982. ISBN 82-00-06377-1
  • Eyvind Fjeld Halvorsen: "Sagaforskeren Knut Liestøl" (s. 103-114). Norveg. Folkelivsgransking 25. Universitetsforlaget. Oslo 1982. ISBN 82-00-06377-1
  • Dag Strömbäck: Knut Liestøl in memoriam (s. 141-146). Arv. Tidsskrift för Nordisk Folkminnesforskning Volume 8. Uppsala 1952.