Knut Storberget
Knut Storberget (fødd 6. oktober 1964 i Elverum) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han har vore justisminister i Regjeringa Stoltenberg II sidan 2005. Storberget har vore innvald på Stortinget frå Hedmark sidan 2001, etter å ha vore vararepresentant sidan 1993. Storberget har bakgrunn som strafferettsadvokat. Han er gift og har tre born.
Storberget tok grunnfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1984 til 1985, og studerte rettsvitenskap på same stad i åra 1985–1990. Han praktiserte som strafferettsadvokat med eige firma frå 1992 til 2002, og Storberget har som advokat hatt møterett for Høgsterett frå 2002.
Storberget var styremedlem i Hedmark Arbeiderparti i 1997–2001, og kommunestyremedlem i Elverum i åra 1991–1999. Han var også styreleiar i Hedmark teater frå 1998 til 2001. I tillegg har han vore styremedlem i Avholdsfolkets landsråd, UNICEF Noreg, FORUT, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og i eigarselskapet til Hamar Arbeiderblad. Han er totalavhaldsmann, og er også motstandar av ei liberalisering av narkotikalovgjevinga.[1] Han var leiar i NGU, forløparen til Juvente, frå 1989 til 1991.
Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark i 2001, og tok plass i Stortingets justiskomité og Stortingets valkomité. Han markerte seg tidleg som justispolitisk talsmann i Arbeidarpartiet. Ved stortingsvalet 2005 vart Storberget gjenvald, men vart like etter utpeikt til statsråd i Justis- og politidepartementet (justisminister) i regjeringa Stoltenberg II. Thomas Breen møtte for Storberget på Stortinget. Han var sjukmeld frå 25. februar til 30. mars 2009, grunna striden rundt bruk av hijab i det norske politiet.[2] Ved stortingsvalet 2009 vart Storberget gjenvald til Stortinget, og Thor Lillehovde møter som representant i denne perioden.
Storberget har vorte drapstruga av både Erik Gjems-Onstad og Øyvind Heian.[3][4]
Den 11. november 2011 gjekk Storberget av som justisminister. Tidlegare forsvarsminister Grete Faremo tok over stillinga hans, og Espen Barth Eide tok over som ny forsvarsminister. [5]
Bibliografi [endre]
- Juridisk kontroll med alkoholpolitiske beslutninger (1993)
- Jus og alkoholpolitikk (1995)
- Bjørnen sover, om vold i familien (2007, medredaktør)
Kjelder [endre]
- Biografi hjå Regjeringa.
- Biografi på Stortinget.no.
- «Knut Storberget» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 1. januar 2010.
Referansar [endre]
- ↑ «Fra hasjisj til heroin» hjå NORMAL (2007).
- ↑ «Justisministeren sykemeldt» hjå Justis- og politidepartementet (26.02.2009).
- ↑ «Vil gi arv til Benjamins drapsmann», NTB hjå ABC Nyheter (09.06.2008).
- ↑ «Fra Vigrid til Tinget?» av Lene Granli hjå NRK Østafjells (17.07.2007).
- ↑ Aftenposten.no, 11.11.11: Knut Storberget går av
.
| Norske justisministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Johan Cappelen (1945) · Oscar Chr. Gundersen (1945–52) · Kai Birger Knudsen (1952–54) · Gustav Adolf Sjaastad (1954-55) · Jens Chr. Hauge (1955) · Jens Haugland (1955-63) · Petter Mørch Koren (1963) · Oscar Chr. Gundersen (1963-65) · Elisabeth Schweigaard Selmer (1965-70) · Egil Endresen (1970-71) · Oddvar Berrefjord (1971-72) · Petter Mørch Koren (1972-73) · Inger Louise Valle (1973–79) · Andreas Cappelen (1979–80) · Oddvar Berrefjord (1980–81) · Bjørn Skau (1981) · Mona Røkke (1981–85) · Wenche Frogn Sellæg (1985–86) · Helen Bøsterud (1986–89) · Else Bugge Fougner (1989–90) · Kari Gjesteby (1990–92) · Grete Faremo (1992–96) · Anne Holt (1996–97) · Gerd-Liv Valla (1997) · Aud Inger Aure (1997–99) · Odd Einar Dørum (1999–2000) · Hanne Harlem (2000–01) · Odd Einar Dørum (2001–05) · Knut Storberget (2005–2011) · Grete Faremo (2011-) |