Knut den mektige
| Knut den mektige | |
| Konge av England Konge av Danmark Konge av Noreg |
|
| Regjeringstid | Engelsk konge frå 1014, dansk konge frå 1018, norsk konge frå 1028 til sin død i 1035 |
|---|---|
| Fødd | om lag 995 i Danmark |
| Død | 12. november 1035 i Shaftesbury i Dorset |
| Føregjengar | I England: Edmund II I Danmark: Harald II I Noreg: Olav den heilage |
| Gift med | Alfiva (Ælfgifu) (kanskje frille) Emma av Normandie |
| Born | Med Alfiva:
Med Emma: |
Knut den mektige (ca. 995–12. november 1035) var ein vikingherskar som var konge av Danmark frå 1018, konge av England frå 1014 og konge av Noreg frå 1028 til han døydde i 1035.
Knut var døypt Lambart og omtala seg sjølv som det. Han er kjend på dansk som Knud den Store og på engelsk som Cnut I eller Canute the Great. Tilnamna 'den store' eller 'den mektige' fekk han av di det lukkast han å ta med Noreg og delar av Sverige i riket sitt.
Etter at faren kong Svein Tveskjegg døydde i 1014 vart Knut kåra til konge av England. Vikinghæren gjorde denne kåringa, men det skulle fleire kampar til for å vinna makta over det meste av England. I samarbeid med den seinare Olav den heilage vart Knut konge av heile England i 1016. I 1017 gifta han seg med enkja etter kong Ethelred den rådville, Emma av Normandie. Ho var dotter av normannarhertugen Robert. Knut si syster, Estrid, gifta seg med bror til hertugen, Richard. Olav den heilage av Noreg og Anund Jakob av Sverige i tillegg til svenske Ulf Jarl inngjekk eit forbund mod kong Knut.
I 1026 sigra Knut over dei i slaget ved Helgeå i Skåne. Same år skal han ha late Ulf myrda i Roskilde Domkyrkje. Det var to Ulf Jarl, ein i Sverige og ein i England.
I 1028 gjekk Knut til åtak mot Noreg med 1400 skip. Nordmennene slutta opp om han og tvinga Olav den heilage til å flykta. Han innsette fyrst sin systerson Håkon som konge. Då denne drukna innsette Knut sonen sin Svend, i Noreg kalla Svein Knutsson.
Knud den mektige var då ein mektig konge. Då han vitja Roma for å sjå pave Johannes XIX krona den tyske kong Konrad til keisar av Det heilage romerske riket av tysk nasjon, vart Knut hylla som den nest mektigaste kristne fyrsten. Knut såg på seg sjølv mest som konge av England og var lite i dei andre landa. Han døydde i 1035 og vart gravlagd i domkyrkja i Winchester.
| Føregjengar Edmund II |
Konge av England 1014–1035 |
Etterfylgjar Harald Harefot |
| Føregjengar Harald II |
Konge av Danmark 1018–1035 |
Etterfylgjar Hardeknud |
| Føregjengar Olav den heilage |
Konge av Noreg 1028–1035 |
Etterfylgjar Magnus den gode |