Knutsen & Ludvigsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Knutsen» (høgre) og «Ludvigsen» (venstre) opptrer på Rådhusplassen i Oslo.
Foto: Philip Gabrielsen
Knutsen & Ludvigsen teikna av Øystein Dolmen

Knutsen & Ludvigsen var ein norsk vise- og underhaldningsduo som laga absurd humor for barn og vaksne. Gruppa bestod av Gustav Lorentzen som Ludvigsen og Øystein Dolmen som Knutsen. Duoen fanst frå 1970 til 1986, men spelte også ei rekkje konsertar saman etter dette. Knutsen & Ludvigsen laga høyrespel, bøker, teater og film og fleire platar.

Knutsen & Ludvigsen vann Spellemannprisen 1972 og Spellemannprisen 1983, begge gongene i klassen barneplate. I 2006 vann dei Gammleng-prisen i klassen veteran.

Plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Knutsen og Ludvigsen (1970)
  • Brunost no igjæn? (1972)
  • Knutsen og Ludvigsen nr. 3 - Tut (1974)
  • Ned med Nidaros (som Bakklandet Bassangforening) (1975)
  • Du milde Mosart (med Bakklandet Bassangforening og Arve Tellefsen, 1976)
  • Fiskepudding! Lakrisbåter! (1980)
  • Juba Juba (1983)
  • Knutsen & Ludvigsen samleplate (1984)
  • Knutsen & Ludvigsens beste (1996)
  • Knutsen & Ludvigsens vær'ste (1997)
  • Dum og deilig: Knutsen & Ludvigsens beste (2008)
    Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.