Knutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av «vanleg» knutt avbilda i reiseskildringa Chappe d'Auteroche (1768) av Jean-Baptiste.

Knutt (russik кнут, 'pisk', frå nordisk for 'knute') er ein type pisk av fleire reimer på eit handtak som blei brukt til avstraffing, tortur og pinedød i Tsar-Russland. Pisken blei eit symbol på herskarane si rå undertrykking av russarane.

Bruk av «stor» knutt avbilda i reiseskildringa Chappe d'Auteroche (1768) av Jean-Baptiste.

Knutten var laga av fletta oksesener eller reimer av ugarva skinn som var festa til eit langt handtak. Reimene hadde ru og skarpe kantar. Ofte var det festa metallkuler eller krokar til reimene. Den som skulle piskast, blei bunden fast til eit par pålar, ståande med ryggen berr. Slag med knutt er skadelegare enn enklare piskar, og kunne i mange tilfelle føra til at ein som blei piska døydde. Å bli dømt til hundre knutteslag var jamgodt med dødsstraff.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pisken blei brukt til avstraffing for ei rekkje brotsverk på 1700-talet, særleg politiske brotsverk. Prins Aleksej, son av Peter den store som var skulda for høgforræderi, døydde etter to omgangar med knutt i 1718.

Under Katarina den store blei bruken innskrenka til å straffa simple brotsverk som mord, mordbrann og kyrkjerov. I 1845 blei den gamle knutten erstatta av ein trestrenga lêrpisk kalla pletj, men også omtala som knutt. I 1863 blei pisking avskaffa som straff for brotsverk blei avskaffa i Russland, men pisken blei likevel framleis brukt som straffe- og torturreiskap i russiske fengsel i Sibir.

Knutt i illustrasjon til Tsarens kurér av Jules Verne.

Syn på knutten[endre | endre wikiteksten]

Rusland var knuttens land, det var Asien i dens uhyggeligste form.

Hjalmar Christensen
Den hvide races selvmord[1] (1916)

Fleire gruelege skildringar av knuttbruk blei spreidde i Vesten på 1700- og 1800-talet. I politisk retorikk brukte ein ofte knutt som symbol for eineveldig undertrykking. Å vera «under knutten» blei brukt om alle former for totalitære makttilhøve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wikikilden

«knutt» i Nynorskordboka. «knutt» i Store norske leksikon, snl.no.

  • «Knut», Salmonsens konversationsleksikon (Anden Udgave, 1915-1930) Bind XIV: Kirkeskov—Kvadratrix, s. 221