Kočevski Rog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kočevski Rog (tysk Hornwald) eller berre Rog er eit karstplatå i Kočevje-høglandet oppfor Črmošnjicedalen i Slovenia. Platået høyrer til Dolenjska i Dei dinariske Alpane. Det høgaste området er den sentrale delen med toppen Veliki Rog på 1099 meter over havet. Platået er kledd med tett skog. Den einaste skistaden i Dolenjska ligg her, Rog-Črmošnjice (eller Gače).

Grevar av Ortenburg koloniserte området med tyske bønder kalla Kočevarji omkring år 1350. I løpet av den andre verdskrigen forsvann dei, og området har sidan den gong hovudsakleg vore aude.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]