Kołobrzeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kołobrzeg
Sentrum av byen
Sentrum av byen
Byvåpenet til Kołobrzeg
Byvåpenet til Kołobrzeg


Plassering
Kołobrzeg is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Vestpommerske voivodskap
Grunnlagd 900-talet
Borgarmeister Janusz Gromek
Geografi
Flatevidd
 - By

25,67 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

44 794
  1745/km²
Koordinatar 54°10′″N 15°34′″EKoordinatar: 54°10′″N 15°34′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 78-100 til 78-106
Telefon-retningsnummer +48 94
Bilnummer ZKL
Nettstad: www.kolobrzeg.pl

Kołobrzeg (tysk Kolberg, kasjubisk Kòłobrzeg) er ein by sentralt i Pommern, nordvest i Polen med i underkant av 50 000 innbyggjarar. Kołobrzeg ligg ved elva Parsęta på sørkysten av Austersjøen (i området delt mellom elvane Oder og Wisła.

Namnet på byen vart første gong nemnd av Thietmar av Merseburg som Salsa Cholbergiensis. Han vart grunnlagd på ny i seinmellomalderen og vart då regionssenter på kostnad av den tidlegare slavisk-pommerske Budzistowo. Som ein by i Hansaen med Lübeck-rettar, vart byen eit urbant senter for det romersk-katloske bispedømet Cammin. Då Kolberg vart ein del av det brandenburgske Pommern i tidleg moderne tid, stod dei imot Napoleon sine troppar i omleiringa av Kolberg. Frå 1815, var han ein del av Kongedømet Preussen i Pommern. I 1945 vart byen ein del av Polen og den tyske folkesetnaden som ikkje flykta før den raude armeen kom til staden, vart seinare kasta ut. Byen vart øydelagd under slaget ved Kolberg, og vart gjenoppbygd. Han mista derimot statusen som regionssenter til fordel for den nærliggande byen Koszalin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kołobrzeg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]