Košava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Košava er ein kald søraustleg vind i Serbia og somme naboland. Han startar i Karpatane og følgjer Donau nordvest gjennom Jernporten, der han vert forsterka, og heldt fram mot Beograd. Han kan gå så langt nord som Ungarn og så langt sør som Niš.[1]

Om vinteren kan temperaturen falle til kring -30 °C. Om sommaren er han kjølig og støvete. Han varierer gjennom dagen og sterkast mellom kl. 05 og 10 om morgonen. Košava er vanlegvis skapt av eit lågtrykk over Adriahavet og eit høgtrykk over det sørlege Russland.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kossava». Glossary of Meteorology, Second Edition. American Meteorological Society. June, 2000. Henta 3. september 2011.