Kobbefjorden i Måsøy

Koordinatar: 70°55′3.1404″N 25°13′58.256″E / 70.917539000°N 25.23284889°E / 70.917539000; 25.23284889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kobbefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Måsøy
Kart
Kobbefjorden i Måsøy
70°55′03″N 25°13′58″E / 70.917539°N 25.23284889°E / 70.917539; 25.23284889

Kobbefjorden (samisk Gáhppovuotna) er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 20 km sørover til botn av Vesterbotnen.

Fjorden har innløp mellom Kjerringberget i vest og Stikkelvågnæringen i aust. Like innanfor munningen går Ryggefjorden 10 km sørvestover frå vestsida. Store Kobbøya ligg litt aust for innløpet til denne fjordarmen. Nesten heilt inst i fjorden ligg Lille Kobbøya, og like sør for denne deler fjorden seg i Vesterbotnen i sørvest og Austerbotnen i søraust. Fjorden er 217 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

Heilt inst i fjorden ligg to små busetnader. Kobbstein ligg på austsida av Vesterbotnen og Kjerringvik ligg inst i vika med same namn like aust for Vesterbotnen. 70°55′3.1404″N 25°13′58.256″E / 70.917539000°N 25.23284889°E / 70.917539000; 25.23284889