Kocher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kocher
Ei demning i Kocher ved Oedheim
Ei demning i Kocher ved Oedheim
Utspring Schwabisk Alb
- Høgd 510 m
Munning Neckar
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 182 km
Middelvassføring Schwarzer Kocher: 680 l/s
Weißer Kocher: 400 l/s
Nedslagsfelt 1 800 km²

Kocher er ei elv nordaust i Baden-Württemberg i Tyskland, og ei av sideelvane til Neckar frå høgre med ei lengd på 182 km. Namnet «Kocher» har sitt opphav i det keltiske namnet «cochan» og tyder sannsynlegvis «buktande elv». Kocher har sitt utspring ved den austlege foten til Schwabisk Alb frå to karst kjelder kalla Schwarzer (svarte) Kocher og Weißer (kvite) Kocher. Schwarzer Kocher har eit tilsigsområde på om lag 1 800 km², som stort sett er dekt av skog. Ved kjelda har ho ei vassføring på mellom 50 l/s og 4 000 l/s, med eit snitt på 680 l/s. Weißer Kocher har ei middelvassføring på 400 l/s.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Schwarzer Kocher har sitt utspring i Oberkochen. Den andre kjelda, Weißer Kocher, har sitt utspring vest for Unterkochen frå mange småkjelder. Namnet Weißer Kocher kjem frå det kvite skummet som vatnet dannar når det renn raskt over steinane. I motsetnad renn Schwarzer Kocher forholdsvis sakte og får vatnet til å sjå mørkare ut. Begge kjeldeelvane renn i hop i Unterkochen og renn nordover gjennom byane Aalen og Wasseralfingen fram til Hüttlingen, der Kocher snur vestover mot Abtsgmünd. Her renn Lein ut i Kocher. Kocher snor seg så vidare nordvestover til Unterrot, der ho mottar Rot og held fram til byane Gaildorf og Schwäbisch Hall. Nær Geislingen munnar Bühler ut i Kocher. I ein stor sving snur Kocher vestover igjen og over sletta i Hohenlohe og renn så gjennom Künzelsau. Ho held fram til Neuenstadt am Kocher der ho mottar Brettach. Nær Bad Friedrichshall munnar Kocher ut i Neckar, eit par kilometer oppfor munningen til elva Jagst, som meir eller mindre renn parallelt nordaust for Kocher.

Vasskvalitet og forureining[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire industristader i den øvre Kocherdalen og dårleg kloakkhandsamingsanlegg har ført til kraftig forureining av Kocher. I 1984 var Kocher den mest forureina elva rundt Stuttgart, men etter berre seks år med mottiltak var vasskvaliteten mykje betre og i dag vert Kocher rekna som berre ei moderat forureina elv. Det meste av brunfargen i Kocher kjem frå gjørme i vatnet, og tyder ikkje nødvendigvis på dårleg vasskvalitet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lott, Berhard H. Der Kocher von der Quelle bis zur Mündung (German). Swiridoff Verlag, Künzelsau, 2002. ISBN 3-934350-80-1