Koffein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molekylstruktur for koffein

Koffein (C8H10N4O2) er eit alkaloid som finst naturleg i eit 60-tals vekstar over heile verda, mellom anna kaffibønner, te, kolanøtter, guarana og i mindre mengd i kakaobønner. Koffein kan òg framstillast kjemisk og tilsettast i mange leskedrikkar, slik som cola og Mountain Dew.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Rein koffein er ein luktfri kvit masse med ein karakteristisk bitter smak. Som kjemisk stoff er dei fremste eigenskapane stimulering av sentralnervesystemet, respirasjon og hjarterytme. Inntak av koffein medfører farmakologisk toleranse med til dels tydelege abstinenssymptom ved fråhald. Ved inntak av store mengder fungerer koffein som gift.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Koffein vart først isolert av den tyske kjemikaren Friedrich Ferdinand Runge i 1819.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Koffein
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.