Kohekohe
| Kohekohe | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Sapindales | |
| Familie: | Meliaceae | |
| Slekt: | Dysoxylum | |
| Art: | D. spectabile | |
| Vitskapleg namn | ||
| Dysoxylum spectabile | ||
Kohekohe (Dysoxylum spectabile) er eit middels stort tre som er endemisk på New Zealand. Det veks i låglandet og i skogar ved kysten over det meste av Nordøya og finst også i Marlborough Sounds nord på Sørøya. Utvaksne tre veks seg opptil 15 m høge, og kan ha ein stamme på inntil ein meter i diameter. Kohekoheskogar var vanlege i dei fuktige kyst- og låglandsdistrikta på Nordøya, men desse skogane er no for det meste borte fordi landområda vart rydda og oppdyrka eller brukt til busetjing. Trea har også vorte utsette for stor skade frå possum (revekusu).
Kohekohe har kjenneteikn ein normalt tillegg treslag som veks i tropane. Trea dannar til dømes kvite, duftande blomar direkte frå stammen eller greinene, og har store, lange og blanke blad, opp til 40 mm lange. Kohekohe vert stundom kalla New Zealand sin mahogni, fordi veden er lett, sterk, og kan polerast til ein vakker raudfarge.
Māoriane kokte borken i vatn og drakk det som ein styrkedrikk. Veden vart brukt til kanobygging, men han er mjuk og ikkje så haldbar som hardved, og rotnar snøgt. Han egnar seg derimot godt til treskjæring. Kohekohe dominerte truleg vegetasjonen på Kapiti Island før skogen vart rydda tidleg på 1900-talet for gje rom til dyrkbart jordbruksland. Kohekoheskogen på Kapiti er i ferd med å veksa til att etter at possum vart utrydda i 1986.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kohekohe» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2008.
Bakgrunnsstoff [endre]
- New Zealand Plant Conservation Network. Dysoxylum spectabile. Vitja 4. august 2008.
- Flora of New Zealand. Dysoxylum spectabile. Vitja 4. august 2008.
- An Encyclopaedia of New Zealand. Kohekohe. Vitja 4. august 2008.