Koherent einingssystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koherent einingssystem eller samstemt einingssystem er eit einingsystem der einingane er valt slik at alle likningar mellom fysiske storleikar enno er korrekte om ein sløyfar einingane og berre skriv måltala for storleikane. Likninga F = ma uttrykkjer ein fysisk samanheng mellom kraft, masse og akselerasjon. Dersom krafta blir gjeven i newton, massen i kg og akselerasjonen i m/s², er denne likninga talmessig riktig. SI-systemet er eit døme på eit koherent einingssystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]