Kokautrydding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kokautrydding er ein strategi fremja av regjeringa i Sambandsstatane som eit reiskap i «narkotikakrigen» for å eliminere kultivering av kokaplanten. Blada frå kokaplanten er viktigaste råvara for kokainproduksjon, men samstundes er blada ei vare for sedvanleg bruk hos den lokale folkesetnaden i område kor dei vert dyrka. Folket i desse områda i Colombia, Peru og Bolivia hevdar at utryddingsstrategien påverkar miljø og sosialøkonomiske forhold i samfunnet, og dei motarbeider strategien. Innfødde som til dømes aymaraeneAltiplano ser på kokablad som eit tradisjonelt produkt med mange bruksområde som middel mot hungerkjensle, mot trong etter søvn og mot høgdesjukdom. Cocaleros er ein spansk term for dei som dyrkar kokablad, og slik produksjon for tradisjonsbunden bruk er legal både i Peru og i Bolivia.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.