Kokelv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kokelv
Geografi
Kommune Kvalsund
Fylke Finnmark
Annan informasjon
Ferdselsårer Fv 182 889
Postnummer 9715 KOKELV
Preposisjon i Kokelv
Kart
Kokelv is located in Finnmark
70°36′44″N 24°38′37″EKoordinatar: 70°36′44″N 24°38′37″E

Kokelv (nordsamisk Goavkejohka eller Jàhkovuona) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Kvalsund kommune i Finnmark fylke.

Bygda ligg inst i fjorden Revsbotn. I Kokelv ligg Kokelv sjøsamiske museum, Kokelv kyrkje, reiselivsverksemda Kokelv Sjøhus og barne- og ungdomsskulen Kokelv skole. Bygda har òg eit grendehus og eit bu- og servicessenter.

Kokelv kyrkjesokn[endre | endre wikiteksten]

Kokelv er eit kyrkjesokn i Hammerfest prosti i Den norske kyrkja.[1] Soknet femner den nordre delen av Kvalsund kommune, medan Kvalsund sokn femner den sørlege delen.

Soknet har ei kyrkje, Kokelv kyrkje frå 1960. Kyrkja blei bygd av tyske fredsvener (Aksjons soningstegn) etter andre verdskrigen. Ho blei innvigd første søndag i advent 1960, då to av dei tyske byggjarane også blei vigde der.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Kokelv sokn på nettstaden til Den norske kyrkjaVitja 29. juni 2009
  2. Kokelv kirke, www.hammerfest-turist.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]