Kokomo av The Beach Boys
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kokomo Singel av The Beach Boys frå albumet Still Cruisin' |
||
| Utgjeve | 18. juli 1988 | |
| Innspelt | 22. mars & 5-6. april 1988 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 3:35 | |
| Selskap | Elektra Records Capitol (reissue) |
|
| Produsent | Terry Melcher | |
| The Beach Boys-kronologi | ||
|---|---|---|
| «Happy Endings» (1987) |
Kokomo | «Still Cruisin'» |
«Kokomo» er ein song av The Beach Boys frå 1988, skriven av John Phillips, Scott McKenzie, Mike Love og Terry Melcher. Han vart gjeven ut som singel i 1988 og gjekk til førsteplassen i USA og Australia. Singelen vart gjeven ut samstundes med Tom Cruise-filmen Cocktail og filmmusikken som høyrte med.
Songen vart gjeven ut på singel med «Tutti Frutti» av Little Richard som B-side i juli 1988. Songen vart den første førsteplassen deira i heimlandet sidan «Good Vibrations» i 1966. Det var òg den einaste førsteplassen deira som Brian Wilson ikkje var involvert i.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kokomo (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2009.