Kokosnøttkrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kokoskrabbe)
Kokosnøttkrabbe
Kokosnøttkrabbe
Kokosnøttkrabbe
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Kokosnøttkrabbe
Utbreiinga av Kokosnøttkrabbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Coenobitidae
Slekt: Birgus
Art: Kokosnøttkrabbe B. latro
Vitskapleg namn
Birgus latro

Kokosnøttkrabben er det største landlevande leddyret på jorda. Han lever på øyer i Indiahavet og Stillehavet, og har fått namnet sitt fordi han kan eta kokosnøtter. Trass i namnet er han ingen ekte krabbe, men er i røynda meir nærskyld eremittkrepsane.

Kokosnøttkrabben vert òg kalla palmetjuv. «Palme»-delen av namnet er på grunn av at han klatrar i palmer for å unnsleppa rovdyr og eta frukt frå trea, medan «tjuv»-delen viser til vanen han har for å stela blanke ting frå menneske. Ein har til dømes observert dei berande på kokekar, knivar, primusar og whiskyflaskar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kokosnøttkrabben veg opp til fire kg, kan oppnå kroppslengder på 40 cm og eit spenn på rundt ein meter frå bein til bein. Det har vorte rapportert storleikar på opp til 17 kg og 1 meter lang kropp, men desse er ikkje stadfesta. Hannane er større enn hoene.

Til skilnad frå dei nære slektningane eremittkrepsane har vaksne individ hardt skal på ryggen og rundt bakkroppen. Unge kokosnøttkrabbar er mjuke og sårbare, og bur i sniglehus eller kokosnøttskal.

Dei yngste stadia til arten lever i havet, men vaksne individ kan ikkje symje og vil drukna i vatn. Gjellene dei har på gangbeina er berre rester frå stamformer som har levd i vatn, og har i dag ingen funksjon. Dei tek i staden inn luft med såkalla brankiostegale lunger - eit utviklingsmessig stadium mellom gjeller og lunger. Dette pusteorganet ligg i kammer bak på framkroppen og inneheldt vev som liknar det ein finn i andre krepsdyrgjeller. Skilnaden er at dei er tilpassa til å ta opp oksygenet frå lufta i staden for frå vatnet. Dei er likevel framleis avhengige av vatn for å fungera.

Kroppen er, som hjå andre tifotkreps, delt inn i ein frampart (cephalothorax) og ein bakpart (abdomen). Det første beinparet er omdanna til masse klør som mellom anna vert brukte til å opna kokosnøtter. Med desse kan dei òg løfta gjenstandar på opp til 29 kg. Dei neste to para er store og kraftige gangbein som gjer at dyret kan klatra vertikalt opp i opp til seks meter høge tre, ofte kokospalmar. Det fjerde beinparet er mindre og børsteforma. Det vert brukt av yngre individ til å halda på sniglehuset/kokosnøtteskalet, eldre nyttar det til å gå med og til å skvetta vatn på gjellene. Det femte beinparet vert som regel heldt i gjellekammeret, og brukast til å halda gjellene reine.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Kokosnøttkrabben er hovudsakleg nattaktiv.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Kokosnøttkrabben er ein altetar. Hovuddelen av kosthaldet er frukt, både frukt og rotnande, som han stundom plukkar rett frå treet. Som namnet tilseier et han òg kokosnøtter, som han opnar med klørne sine. I tillegg et han lauv, egg, åtsel og skal frå andre dyr; sistnemnde truleg for å få i seg kalsium.

Han jaktar òg på dyr som ikkje er raske nok til å sleppa unna, til dømes nyutklekka skjelpaddeungar. Ein har dessutan observert eit tilfelle kor ein kokosnøttkrabbe har jakta på og drepe ei polynesiarotte (Rattus exulans).

Ein trudde lenge at kokosnøttkrabben var i stand til å klatra opp i palmar for å klippa ned kokosnøtter og såleis få dei til å falla til bakken. Den tyske biologen Holger Rumpf hevdar derimot dyret ikkje er intelligent nok til dette, og meiner myten kjem av at dyr tilfeldigvis har fått nøtter til å losna når det har prøvd å kutta hol i dei og eta dei i treet.

Levestad[endre | endre wikiteksten]

Kokosnøttkrabbar lever nesten utelukkande på land, og har vorte funne opp til seks km frå havet. Dei bur åleine i underjordiske hi eller klippeholer, avhengig av terrenget. Hia grev dei sjølv i sand eller laus jord. Om dagen heldt dei seg skjult og stenger seg inne her for å verna seg mot rovdyr og redusera vasstapet. I område med store mengder kokosnøttkrabbar hender det at nokre kjem ut om dagen, kanskje for å få ein fordel i jakta etter føde. I fuktig vêr kjem dei òg stundom ut, sidan dette tillet dei å pusta lettare.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Paringstida til kokosnøttkrabben er frå mai til september, med eit høgdepunkt i juli og august. I denne perioden kjempar kjønna mot kvarandre, hannen tvingar hoa på rygg og parar seg med ho i løpet av eit kvarter. Kort etter ber hoa dei befrukta egga ned i fjæra og legg dei under vatn. Ho er nøye med å ikkje bli riven med av bølgjene, sidan ho ikkje kan symje.

Larvane lever planktonisk og dei yngste individa lever i vatn. Berre eit lite mindretal lever lenge nok til å vandra opp på land.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]