Koksjenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koksjenga
Utspring Der elvane Ileza og Petsjenga renn saman.
- Høgd 99 moh
Munning Ustia
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 251 km
Middelvassføring 35 m³/s
Nedslagsfelt 5 670 km²

Koksjenga (russisk Кокшеньга) er ei elv i Arkhangelsk og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Ustia frå venstre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.

Elva er 251 km lang og har eit eige nedslagsfelt på 5670 km². Ved landsbyen Moisejevskaja har elva ei middelvassføring på 35 m³/s.

Koksjenga oppstår der elvane Ileza og Petsjenga renn saman nær landsbyen Verzjnekoksjengskij Pogost i Tarnogskogo rajon i Vologda oblast.

Elva renn sørvestover og har ei breidde på 30-40 meter. I nærleiken av landsbyen Tarnogskij Gorodok tar elva ein stor sving nordvestover og tar imot elvane Tarnogu, Sjebengu og Uftiugu. Etter dette aukar breidda til 50-60 meter.

Gjennom Arkhangelsk oblast renn elva gjennom aude område med skogkledde breidder. Koksjenga munnar ut i Ustia, like før denne munnar ut i Vaga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]