Indiske bakketeikningar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kolam)
Kolam teikna symmetrisk rundt fleire aksar. Tradisjonelle kvite linjer med raud kant vekslar med meir moderne fargesterke blometeikningar i sirklar. Den inste blometeikninga er pynta med ein ekte blom.

Indiske bakketeikningar er abstrakte eller figurative kortvarige dekorasjonar laga på bakken med pulver, farga væske eller anna materiale. Slike bakketeikningar har lang tradisjon i India. Dei kan lagast dagleg, i samband med religiøse riter og høgtider, eller til andre særskilde høve.

Teikningane er kjend på ulike indiske språk som alpana/alpona (bengali), aripana (bihari), kolam (tamil), madana (radjasthani) muggu/muggulu (telugu) og rangoli eller chowkpurana/chowk pujan (hindi). Bakketeikningar blir også laga i land med band til India, til dømes i naboland som Pakistan, Nepal, Malaysia og Singapore, og blant indiske utvandrarar. Det finst også liknande tradisjonar i andre kulturar, som sandmandalamaking frå tibetansk buddhisme og sandroing frå Vanuatu.

Kvinner lager ein komplisert kolam på den væta bakken utanfor Kapalisjvarar-tempelet i Mylapore i Chennai.

Høve[endre | endre wikiteksten]

Bakketeikningar blir tradisjonelt laga av jenter og kvinner, men kan i dag også lagast av menn. Å laga dei kan vera eit dagleg rituale, gjerne etter at ein har feia og vaska bakken. Ein kan også laga utførlege teikningar til høve som bryllaup, nasjonaldagar, høgtider som dipavali, pongal eller onam, tempelfestivalar og liknande. I Tamil Nadu er vintermånaden margazhi viktig for tradisjonell kolammaking.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Bakketeikning ved ei dør i Goa.

Ein kan laga bakketeikningar ved privathus, kommersielle og offentlege bygningar eller ved tempel.

Teikningane blir ofte plasserte ved inngangar, gjerne like utanfor ei dør eller ein port og på terskelen, på ein open plass som tun, gardsrom eller gate. Dei kan også lagast innandørs på harde golv, til dømes i gangar, hallar eller foajéar. Nokre teikningar kan lagast oppi fat eller kar, eller på kjøkkenbenken.

Bakketeikningar knytt til religiøse hendingar kan ha ein guddom som sentrum og kan lagast framfor eller rundt eit gudebilde.

Form[endre | endre wikiteksten]

Monsterfigur på kolam frå Kerala.

Mange bakketeikningar er abstrakte eller stiliserte figurar. Tradisjonell tamilsk kolam er bygd opp rundt eit rutenett av prikkar. Kolam-makaren fører ei kurvande linje ein gong rundt kvar av prikkane og tilbake til utgangspunktet utan å bryta linja. Kolamen blir danna av ei eller fleire slike slutta linjer. Eit bilete blir som regel danna symmetrisk om ein eller fleire aksar.

Stiliserte figurar kan ha form som stjerner, plantar som lotus, blad eller mango, krukker, fisk, dyr og fuglar som svane, påfugl eller papegøye, vogna til solguden Surya eller andre symbol. Ulike motiv kan vera knytt til ulike høve. Til dømes kan lotusar og sirklar vera knytt til fredagen. I samband med dipavali kan ein teikna føtene til Laksjmi ved dørstokken som ein invitasjon. I samband med Krisjna-dagen kan ein teikna små fotspor som leier guden inn i huset og til gudsrommet.

Ein særskild type kolam, kuberakolam, er eit rutediagram som inneheld visse lukke- eller rikdomsbringande tal i kvar rute.

Utførlege teikningar kan innehalda figurative bilete, tekst og anna. Det finst tradisjonelle bakketeikningar som viser bilete frå hindumytologi. Nyare teikningar kan også visa fram nasjonale motiv, som kart, flagg eller andre nasjonalsymbol, eller langt på veg likna realistiske måleri eller fotografi.

Metodar[endre | endre wikiteksten]

Jente fargar kolam ved å dryssa fargepulver inn i romma det er laga linjer rundt.
Rangoli laga med blomedelar på vatn.

Bakketeikningar blir tradisjonelt laga ved at ein held pulver laust i handa og drysser det jamnt bortetter slik at ein lager mønsteret ein ønsker. Ein kan også bruka ulike hjelpemiddel, som bambuspinnar, røyr, mønsterskåler eller sjablongar til å laga teikninga.

Pulveret ein teiknar med kan vera rismjøl, smuldra mineral eller anna, med fargar frå gurkemeie, knust bork, blad og liknande. Ein kan gjera fargestoffet meir likt måling ved at ein tilfører væske. Dette gjer at teikninga kan vara lengre.

Ein kan bruka blomar til å dekorera bakketeikningen, eller til å laga heile bildet. Dette er særleg kjend i pu-kolam frå Kerala. Ein annan variant går ut på å bruka frukt, grønsaker eller andre rituelle gjenstandar til å laga eit mønster. Vidare kan ein ha lys (levande eller elektriske) i eller rundt bildet.

Realistisk divali-rangoli.

Medan ein gjerne bruker bakken som bakgrunn for bakketeikninga, kan ein også laga eit flytande bilete i eit kar med vatn. Nokre stader førebur ein bakken ved å breia ei flytande kuskitblanding utover bakken, som ein reknar som antiseptisk. Denne tørker og dannar ei glatt, mørk bakgrunnsflate for bildet.

Nyare metodar for å laga eller etterlikna bakketeikningar kan vera fargestifter, måling, klistremerke, farga lim og perler.

Soger[endre | endre wikiteksten]

Chitralakshana, eit tidleg verk om indisk biletkunst, fortel ei soge knytt til opphavet av bakketeikningar. Ein høgtståande prest som dyrka Brahma hadde mista den einaste sonen sin. Etter at heile landet kom saman for å be, viste Brahma seg for kongen og bad han om å laga eit bilde av guten på bakken. Då bildet av guten var ferdig fekk det liv att. Dette skal ha vore den første bakketeikningen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Enkle former:

Særskilde høve:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Indiske bakketeikningar