Kolbjørn Gåsvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolbjørn Gåsvær
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. februar 1926, 1926
Jøa
Død

30. juni 2012, 2012 (86 år)
Jøa

Yrke politikar, lærar
Politisk parti Venstre

Kolbjørn Gåsvær (fødd 1. februar 1926 på Jøa, død 30. juni 2012 på Jøa) var ein norsk lærar, Duun-formidlar og kulturarbeidar.

Gåsvær var fødd på Jøa i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag. Han var utdanna lærar frå Levanger lærerskole (1950), og studerte seinare ved Universitetet i Trondheim og Danmarks lærerhøjskole, København. Han arbeidde som lærar i over 40 år, i Salsnes, Lesja, Namsos og Jøa.

Han var redaktør for Årbok for Namdalen i tolv år. Som lærar og sambygding arbeidde han mykje med å formidle Olav Duun si dikting. Han var med på å starte Olav Duun-stiftinga i Namdalen i 1996, og var redaktør av medlemsbladet. For allsidig kulturarbeid, med vekt på innsatsen for Duun, vart han tildelt Naumdøla Mållags målpris, Nord-Trøndelag fylkes kulturpris og Fosnes kommunes kulturpris.

Kolbjørn Gåsvær har skrive kronikkar, dikt og anna til ulike aviser og tidsskrift. Han var konsulent for TV-serien Medmenneske, har skrive teaterstykket Overhallsrevolusjonen for Overhalla historielag og vore skodespelar i Trygve Hoffs HerlaugsspelLeka i fem år. Han var òg fylkestingsrepresentant i tolv år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

som oppgjev desse kjeldene:

  • En vandring i Olav Duuns rike : Olav Duun: "Landet i eventyret". Utgitt av Nord-Trøndelag fylkeskommune, 1996. 19 s. (Òg på engelsk og tysk)
  • Gjetarliv : 70 gamle gjetarar fortel. Jøa, 1996. 56 s.
  • Hilderøya og Øyværet, Olav Duun og Gjæslingan. Jøa, 1999. 43 s.
  • Norart 17 artiklar frå Årbok for Namdalen
  • Minneord i Trønder-Avisa 4. juli 2012