Kolbrandstad stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolbrandstad stavkyrkje
Kolbrandstad stavkirke
Kolbrandstad stavkyrkje
Foto: Ezzex
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Gauldal
Sokn Hølonda
Fellesråd Melhus
Type Langkyrkje
Teknikk Stavverk
Material Tre
Innvigd 9. januar 2000
Stopul Ved kyrkja
Kyrkjegard Freda mellomalderkyrkjegard ved kyrkja
Diverse Eigd av Kolbrandstad stavkyrkjelag
Kart
Kolbrandstad stavkyrkje
63°09′17″N 10°00′35″E / 63.15472222°N 10.00972222°E / 63.15472222; 10.00972222
Wikimedia Commons: Kolbrandstad stavkirke

Kolbrandstad stavkyrkje står på Kolbrandstad i Hølonda i Melhus kommune i Trøndelag fylke, og er ei stavkyrkje frå 2000. Kyrkja er bygd som ein kopi av Haltdalen stavkyrkje som står på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim. Ho vart bygd på dugnad og er eigd av Kolbrandstad stavkyrkjelag.

Haltdalstavkyrkja stod opphavleg i Haltdalen i Holtålen kommune, og er frå siste halvdel av 1100-talet.[1] Kolbrandstad stavkyrkje står på den gamle kyrkjestaden på Kolbrandstad, der det var kyrkje frå mellomalderen fram til midten av 1600-talet.[2] Ved kyrkja er det ein freda kyrkjegard frå mellomalderen.

Kolbrandstad stavkyrkje is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Kolbrandstad stavkyrkje

Bygget er vigsla til bruk for Den norske kyrkja og det vert halde to gudstenester i henne årleg. Det plar verte halde påskemesse i kyrkja kvar påskeafta og i august vert det halde ottesong i samband med starten på pilegrimsvandringa til Skaun kyrkje.[3] Det vert også halde gjennomsnittleg to bryllaup i henne i året.[3] I tillegg arrangerer Den katolske kyrkja i Noreg vesper i kyrkja fyrste sundagen i september.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]