Kolbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolbu
tettstad
Frå Kolbu sentrum
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Østre Toten
Areal 0,63 km²
Folketal 642  (2023)
Folketettleik 1 019 / km²
Postnummer 2847 KOLBU
Kart
Kolbu
60°39′1″ N 10°44′42″ E
Wikimedia Commons: Kolbu

Kolbu er ein tettstad med 642 innbyggjarar per 1. januar 2023 i Østre Toten kommune i Innlandet fylke, som tidlegare var ein sjølvstendig kommune. Kommunen blei til 1. januar 1908 da Vestre Toten blei delt i tre (Eina, Kolbu, Vestre Toten).[1] Kolbu hadde ved etableringa 2412 innbyggarar.

1. januar 1964 blei det meste av Kolbu med 2906 innbyggarar slått saman med Østre Toten kommune,[1] resten med Vestre Toten. På grunn av uoversiktlege eigedomsforhald blei kommunegrensa dratt opp på kryss og tvers gjennom tettstaden Kolbu. Dette førte blant anna til ein interkommunal skule (Moen). På midten av 1990-talet kom det i gang ei rørsle med forslag på å utjamne grensene og/eller overføre omtrent heile gamle Kolbu til Østre Toten. Folkerøysing blei avheldt og forslagsstillarane sigra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam (1999). «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» (PDF). Statistisk sentralbyrå.