Kolding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolding
Ei gågate i Kolding
Ei gågate i Kolding
Styresmakter
Land
Region
Danmark
Region Syddanmark
Geografi
Flatevidd
 - By

239 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

54 941
  265/km²
Koordinatar 55°29′30″N 09°30′00″EKoordinatar: 55°29′30″N 09°30′00″E
Høgd over havet 50 m
Diverse anna
Heimeside: www.koldingkom.dk
Plassering
Kolding Denmark location map.png

Kolding er ein hamneby i Danmark ved Koldingfjorden i Region Syddanmark. Han er òg senteret i Kolding kommune. Byen er eit transport-, handels- og industrisenter, hovudsakleg retta mot skipsbygging. Andre viktig næringar er produksjon av maskineri og tekstilar, i tillegg til buskapseksport.

Med eit folketal på om lag 55 000 innbyggjarar er byen den sjuande største i Danmark.

I Kolding ligg det tidlegare kongelege slottet Koldinghus. Dette vart bygd på 1200-talet, og er i dag eit museum. Visse delar av slottet, som kapellet og spisesalen, vert stundom brukt til statlege seremoniar. Det var den kongelege residensen på Jylland. St. Nicolai kyrkja av stein er ei av dei eldste kyrkjene i Danmark, bygd på 1200-talet. Andre populære turistattraksjonar er Trapholt kunstmuseum og Geografisk Have. Trapholt inneheld samlingar av dansk kunst frå 1900, og eit mindre utval av utanlandske utstillingar.