Kolesjinofossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolesjinofossen er ein foss ved landsbyen Kolešino i Novo Selo kommune sørvest i Republikken Makedonia.
Han høyrer til elva Baba og har eit totalt fall på 19 meter. Fossen ligg i ei høgd på 610 meter over havet i fjellet Belasitsa.
Kolešinofossen er ein stor turistattraksjon i kommunen. Staden er open året rundt og vert stadig utvikla for å ta imot turistane. I dag går det ei trebru over elva slik at ein betre skal få sjå fossen.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Koleshino Waterfall» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2008.