Kolgruve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Færøysk kolgruve ved Hvalba.

Ei kolgruve er ei gruve der ein hentar ut steinkol, anten under eller over jorda.

I 2004 var verdsproduksjonen av kol på ca. 4,6 milliardar tonn steinkol, av dette hadde Kina ca. 40 prosent og USA ca. 20 prosent. Steinkol blir au foredla til koks, som blant anna blir bruka til framstilling av stål. Kol er ofte brukt i energiverk, i varmeanlegg eller direkte i heimen. Nye metodar og maskinar blir ofte bruka til å grava ut kol.

Kol ligg under jordoverflata og er danna av organisk materiale som døde dyr og planter, som har eksistert for millionar av år sidan. Det finst stadig store mengder av kol, som stadig er den mest viktige energikjelda i verda. Gasseksplosjonar og ras er ofte årsak til mange dødsulykker i minesjaktene. Særleg før i tida var dødsrisikoen stor.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kolgruve

Kjelder[endre | endre wikiteksten]