Koljutsjin

Koordinatar: 67°28′N 174°37′E / 67.467°N 174.617°E / 67.467; 174.617
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Koljutsjin.

Koljutsjin (russisk Остров Колючин) er ei lita øy i Tsjuktsjarhavet i Tsjukotka autonome okrug i Russland. Ho ligg ikkje langt frå kysten, berre 11 km nord for Tsjukotkahalvøya. Ho ligg ved 67° 28' N og 174° 37' E.

Øya er berre 4,5 km lang og 1,5 km på det breiaste. Ho er dekt av tundravegetasjon og det er ein liten tsjuktsjisk busetnad på sørsida av øya kalla Koliutsjino.

På fastlandet ligg busetnaden Nutepelmen, nord for Rypatynonelgynlagunen og sør for Pyngopilgynlagune. Koljutsjinskajabukta lenger sør er kalla opp etter Koljutsjin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I september 1933 vart den sovjetiske isbrytaren Tsjliuskin knust av pakkisen nær Koljutsjin. Passasjerane og mannskapet vart redda via lufttransport i ein dramatisk redningsaksjon leia av kaptein Vladimir Voronin og Otto Schmidt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

67°28′N 174°37′E / 67.467°N 174.617°E / 67.467; 174.617