Kolloidmineralogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kolloidmineralogi er ei grein innan mineralogien som studerer mineralpartikler av kolloidal storleik, det vil sei mindre enn omkring 0,001–0,0001 mm i diameter. Desse finst først og fremst i leirer (sjå leirmineral). Kolloidale partiklar vil ha fysiske eigenskapar som er ulike frå dei stoffa har når det finst som store krystall, til dømes større overflateenergi og entropi. Årsaka til dette ligg hovudsakleg i det tilhøvet at krystallgitteret langs overflata av ein krystall er av ein anna art enn det indre av krystalla. I ein særs liten krystall vil overflateatoma utgjere ein stor prosent av det totale mengda atom. Leirene sine fysiske og mekaniske eigenskapar baserer seg i høg grad på innhaldet av kolloidale partiklar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]