Kolmule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolmule


Kolmular på eit færøysk frimerke.
Kolmular på eit færøysk frimerke.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Gadiformes
Familie: Gadidae
Slekt: Micromesistius
Art: M. poutassou
Vitskapleg namn
Micromesistius poutassou
Kolmule, kolkjeft
Namn på andre språk
Svensk Kolmule, blåvitling
Engelsk Blue whiting
Tysk Blauer Wittling
Spansk Bacalá, bacaladilla

Kolmule (Micromesistius poutassou) er ein fisk i torskefamilien. Han lever på 200-500 m djupne, og kan bli opptil 50 cm lang. Utbreiingsområdet dekkjer Nord-Atlanteren frå Marokko i sør til Svalbard og Island i nord. Det viktigaste gyteområdet er eggakanten vest for Dei britiske øyane. Ein finn òg ein liten kolmulebestand mellom Canada og Grønland, og i Middelhavet. Levande kolmule er eit sjeldan syn i Noreg, men ein kan fanga han med line.

Kolmulen er ein viktig industrifisk som blir brukt til fiskemjøl og olje. I 2003-2004 var han Noregs største fiskeri. Fisket pågår hovudsakleg om våren vest for Dei britiske øyane der kolmulen gyt, og gjennom året i Norskerenna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]