Kolosovykhøyane

Koordinatar: 74°50′N 86°15′E / 74.833°N 86.250°E / 74.833; 86.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolosovykhøyane
øygruppe
Land  Russland
Del av Mininaskjera
Kart
Kolosovykhøyane
74°54′25″N 86°41′35″E / 74.906944444444°N 86.693055555556°E / 74.906944444444; 86.693055555556
Wikimedia Commons: Kolosovykh Island
Plasseringa til Mininaskjera. Kolosovykhøyane er den nordlege delen av skjera.

Kolosovykhøyane (russisk остров Колосовых, Ostrov Kolosovykh) er ei øygruppe i Karahavet utanfor kysten av Sibir. Dei fleste øyane i øygruppa er berre nokre få kilometer frå Tajmyrhalvøya. Den største øya i øygruppa er Kolosovykhøya.

Øygruppa ligg nær kysten, like nord for den vesle Kolosovykhhalvøya, som nesten er ei øy i seg sjølv. Øyane ligg mellom 74° 45' og 75° N og mellom 85° og 87° 30'E. Geologisk høyrer Kolosovykhøyane til Mininaskjera, som inkluderer Plavnikovyjeøyane lenger sør.

Havet omkring Kolosovykhøyane er islagt om vinteren og klimaet er hardt med lange vintrar. Sjølv om sommaren er det pakkis i området rundt øyane.

Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1937 organiserte Det arktiske og antarktiske forskingsinstituttet i Sovjetunionen ein ekspedisjon for å utforske Nordaustpassasjen i Karahavet. Dei fann leivningane etter Vladimir Rusanov sin mislukka ekspedisjon i 1912-1913 på «Gerkules» på «Popova-Tsjuktsjina-øya» vest for Kolosovykhøya ved 74° 56'N og 86° 18'E.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

74°50′N 86°15′E / 74.833°N 86.250°E / 74.833; 86.250