Kolossen på Rhodos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolossen på Rhodos, som sannsynlegvis ikkje stod med ein fot på begge sider av hamna som vist her.

Kolossen på Rhodos var ein enorm statue av den greske solguden Helios som vart reist på Rhodos, den austlegaste av dei greske øyane i Egearhavet, på 200-talet fvt. Statuen hadde om lag same storleik som Fridomsgudinna i New York City i USA, men vart plassert på ein lågare plattform. Kolossen på Rhodos var eitt av dei sju underverka.

Avgjerda om å bygge statuen[endre | endre wikiteksten]

Alexander den store døydde i ung alder i 323 f.Kr utan at han utpeikte ein etterfølgjar. I kampane som etterfølgde Alexander sin død mellom generalane hans, den såkalla Diadokhiearkrigen, enda med at tre av dei delte opp imperiet hans i Middelhavsområdet.

Under krigshandlingane hadde øya Rhodos vore på Ptolemaios si side og da han etter kvart tok styringa over Egypt, danna dei ein allianse som kontrollerte det meste av handelen i det austlege Middelhavet.

Ein annan av Alexander sine generalar, Antigonus, mislikte utviklinga sterkt. I 305 f.Kr. fekk han son sin Demetrios, som no hadde vorte ein kjend general på eigne vegner, til å invadere Rhodos med ein hærstyrke på 40 000 mann. Byen hadde særs sterke festningsverk og Demetrios måtte byggje ei rekkje store omleiringstårn for å kome over bymurane. Den første vart montert på seks skip, men det blåste overende i ein storm før det kunne brukast. Han prøvde på nytt med eit som var endå større, Helepolis, og som var landbasert, men rhodesiarane forsvarte seg med å setje området framfor tårnet under vatn, slik at det ikkje kunne rullast fram mot murane.

I 304 f.Kr. sende Ptolemaios ein flåte av skip til Rhodos, og Demetrios sin arme kom seg unna i raskt tempo, så raskt at dei etterlet det meste av utstyret sitt. Trass i fiasko fekk Demetrios likevel kallenamnet Poliorketes, «byane sin omleirar», av etterfølgjarane hans andre stader. For å feire sigeren avgjorde rhodesiarne å bygge ein gigantisk statue av deira guddommelege vernar, solguden Helios. Konstruksjonen vart overlaten til Khares, ein innfødd på Rhodos som hadde erfaring med store statuer frå før. Læraren hans var den kjende skulptøren Lysippos, som hadde reist ein 18 meter høg statue av guden Zevs. Tidlegare, 435 f.Kr. hadde Fidias reist ein 12 meter høg statue av Zevs i Olympia og som vart sett på som den mest kjende skulpturen i den greske antikken. Det var med andre ord stor prestisje knytt til kombinasjonen guddommeleg motiv og storslått storleik.

Bygginga og statuen sin vidare skjebne[endre | endre wikiteksten]

Kolossen på Rhodos, slik han vart tenkt på ein gravering frå 1500-talet ved Martin Heemskerck i hans serie av dei sju underverka.

Skildringane frå antikken er noko motseiande når dei skildrar konstruksjonen. Nokre fortel at han vart bygd i fleire steinkolonner eller i tårn av steinblokker som bygget sitt indre. Han vart reist på ein 15 meter høg sokkel av kvit marmor i nærleiken av innløpet til hamna, kanskje på ein molo ved hamna. Jernbjelkar vart drivne inn i steintårna og bronseplater vart festa til bjelkane og danna «huda», statuen sine ytre flater. Mykje av materiala var vorte smelta ned frå våpna som Demetrios sine hærstyrkar hadde lagt frå seg, og det etterlatne omleiringstårnet vart nytta som stillas rundt konstruksjonen. Dei øvste delane vart bygde ved å nytte ein rampe frå bakken. Statuen i seg sjølv vart over 34 meter høg.

Konstruksjonen stod ferdig i 282 f.Kr. etter 12 år. Statuen stod berre i knappe 56 år før Rhodos vart skaka av eit jordskjelv i 226 f.Kr. Statuen brotna ved kneledda og fall mot land. Ptolemaios III tilbaud seg å betale for å gjenreise statuen, men eit svar frå eit orakel gjorde rhodesiarane redde for at dei hadde fornærma Helios med hovmod og dei avslo tilbodet. Restane låg på bakken i over 800 år, og sjølv restane var så imponerande at mange reiste der for å sjå på dei. Plinius den eldre skreiv at få menneske kunne greie å famne armane rundt statuen sin tommel og at sjølv kvar finger var større enn dei fleste statuar.

I 654 e.Kr. erobra ein arabisk hærstyrke under Muawiyah I øya Rhodos, og, i følgje Theofanes, vart restane av statuen selde til ein reisande handelsmann frå Edessa. Han braut statuen opp i mindre delar og frakta det som skrapmetall på ryggen av 900 kamelar til heimbyen. Delar av statuen dukka i åra etter opp for sal ved at dei vart funne langs kamelruta.

Myten[endre | endre wikiteksten]

Mange gamle illustrasjonar (øvst) viser statuen med ein fot på begge sider av hamna slik at skip kunne segle mellom beina. William Shakespeare i teaterstykket Julius Cæsar (II, i 136-8) lèt Cassius seie til Cæsar sjølv:

«Why man, he doth bestride the narrow world
Like a Colossus, and we petty men
Walk under his huge legs and peep about
To find ourselves dishonourable graves.»

Kolossen som står med eit bein på kvar side av hamna er derimot ein fantasi frå seinare skildringar.

Kolossen i moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Det har vore mykje debatt i moderne tid om Kolossen skulle byggast opp att. Tilhengjarar har peikt på auka turisme, medan motstandarane har peikt på dei store økonomiske kostnadane, over 100 millionar euro. Ideen har dukka opp mange gonger sidan 1970-talet, men på grunn av manglende midlar har arbeidet aldri kome i gang. Konkrete planar for Kolossen har eksistert sidan 1998 av den gresk-kypriotiske kunstnaren Nicolas Gotziamanis.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Macedonian Empire, James R. Ashley, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]