Kolubara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolubara (Колубара)
Utspring Der elvane Obnica og Jablanica renn saman i Valjevo
Munning Sava nær Obrenovac
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 123 km

Kolubara (serbisk Колубара) er ei 123 km lang elv vest i Serbia og ei sideelv til Sava frå høgre.

Kolubara startar som Obnica i regionen Podgorina vest i Serbia ved fjellet Povlen. Ved byen Valjevo møter ho elva Jablanica frå sør og dannar Kolubara, som elva vert kalla resten av løpet. Obnica er 25 km lang.

Jablanica spring òg ut frå fjellet Povlen, berre nokre få kilometer frå Obnica. Denne elva er 24 km lang.

Kolubara i Valjevo

Etter byen Valjevo, som er den største byen vest i Serbia, er det ingen større busetnader langs elva, bortsett frå eit par landsbyar. Dette kjem av at elva er utsett for flaum. Elva munnar ut i Sava nær landsbyen Barič.

Kolubara har relativt lange sideelvar, så sjølv om ho ikkje er så lang har ho eit relativt stort nedslagsfelt som dekkjer 3639 km². Dette høyrert til Svartehavet.

Kolubara var åstad for eit av dei store slaga på Balkan under den første verdskrigen, slaget ved Kolubara i 1914.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kolubara