Komagfjord kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komagfjord kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Alta
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Alta
Sokn Talvik
Fellesråd Alta
Type Korskyrkje
Arkitekt Turid og Kristen Bernhoff Evensen
Teknikk Bindingsverk
Material Tre
Innvigd 10. april 1960
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle J. Lunde: «Peters fiskefangst»
Sitjeplassar 250
Kart
Komagfjord kyrkje
70°15′32″N 23°25′00″E / 70.2588°N 23.4166°E / 70.2588; 23.4166

Komagfjord kyrkje, tidlegare Komagfjord kapell, er ei krosskyrkje frå 1960 i Talvik sokn i Alta prosti, Nord-Hålogaland bispedømme.

Byggverket er i bindingsverk og er bygd med 250 plassar. Kyrkja vart vigsla palmesundag 10. april 1960.

Kyrkjeklokka er levert av Olsen & Nauen klokkestøyperi i 1947, med innskrift frå Elias Blix' julesong «Kling no klokka»: «Tona um Frelsa kalla. Helsa, kalla og helsa med fred Guds barn.»

Eldre kyrkjer i Komagfjorden[endre | endre wikiteksten]

Den første kyrkja i Komagfjorden vart vigsla 15. september 1887. Den var ei kvit langkyrkje, og ho låg litt oppe i bakken ovanfor butikken og kaia. Kyrkja vart, som det meste av Finnmark, brent ned av den tyske okkupasjonsmakta då dei trekte seg attende frå Finnmark hausten 1944.

Etter krigen begynte attreisinga. Det vart sendt «kyrkjebrakker» til dei kyrkjelydene som hadde mista kyrkjene sine. Talvik hadde 3 kyrkjer i behald, og skulle derfor ikkje få kyrkjebrakke.

Men soknerådet vende seg til biskopen, og dei greidde å få send ei kyrkjebrakke til Komagfjord. Kyrkjebrakka vart vigsla 16. februar 1947 av biskop Wollert Krohn-Hansen, fylkesprost Wiig, sokneprest Notø og kst. sokneprest Kjelland.

Brakka gjorde nytte som gudshus i 13 år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]