Komi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Republikken Komi
Komi
(коми кыв (komi kyv))
Klassifisering: Uralsk
 permisk
Bruk
Tala i: Russland
Område: Republikken Komi
Komitalande i alt: 156 000 (2010)[1]
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: Det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: kv
ISO 639-2: kom
ISO 639-3: kpv

Komi (eller komisk) er eit permisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir framfor alt snakka i Republikken Komi, der det er offisielt språk i lag med russisk, men også i dei administrative områda som grensar mot republikken, særleg i Nenetsia og i Arkhangelsk oblast. Også i Murmansk oblast er det ein minoritet av komiar, dei er etterkommarar etter komiar som vandra dit over isen til Kola-halvøya på slutten av 1800-talet.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Det latinske alfabetet som vart brukt for komi på 1930-talet

Komi blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med tilleggsbokstavane І, і (ikkje-palataliserande [ i ]) og Ӧ, ӧ (schwa).

Skriftspråket for komi har ei svært interessant historie, som skil det frå alle andre uralske språk. Det første skriftsystemet for komi, abur, vart laga på 1300-talet, av misjonæren Stefan av Perm. Alfabetet minnar til ein viss grad om kyrillisk og gresk, men er eit sjølvstendig alfabet med bokstavar ikkje funne for andre skriftsystem. Viss vi ser bort frå nokre korte tekstar på ungarsk, var komi det første uralske språket som vart skriftfesta. meir enn to hundre år før dei uralske språka i vest, og meir enn fire hundre år før andre uralske språk i Russland. Abur blir no inkludert i Unicode, i Plan 1 for historiske skriftsystem [1].

1500-talet vart abur erstatta med kyrillisk. Komi-nasjonalskalden Ivan Kuratov (1839-75) såg på komi som eit isolerande språk, på line med kinesisk, og ville endre rettskrivinga drastisk, men fekk ikkje gjennomslag for synet sitt. Etter oktoberrevolusjonen vart komi skrive med det såkalla Molodtsov-alfabetet i ein kort periode, før dei i tråd med den bolsjevikiske poltitikken gjekk over til det latinske alfabetet. Etter politikkomleggjinga i 1935 gjekk dei attende til det kyrilliske alfabetet.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Gateskilt på russisk og komi i Syktyvkar. I den russiske teksten ("Улица Коммунистическая") kongruerer adjektivet med substantivet for "gate" (ulitsa) i genus og kasus, i teksten på komi ("Коммунистическöй улича") har lånordet suffikset -öj, uavhengig av kva form substantivet står i.
Sjå også Komi grammatikk

Lydlære[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Komi har sju vokalar, vist med IPA-symbol og bokstavar frå rettskrivinga. Lengd er ikkje distinktiv.

Fremre Midtre Bakre Fremre Midtre Bakre
Høge i ʉ u и ы у
Midtre e ə o е ӧ о
Låge a а

Bøying[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Komi har eit rikt kasussystem, med desse kasusa:

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Adjektiva i komi blir bøygd i grad, med komparativsuffikset -džʉk, og superlativpartikkelen med, t.d. bur «god», burdžʉk «betre», med bur «best». I predikativ posisjon kongruerer adjektivet med substanitvet i tal, suffikset er -əś. Som attributt er det ubøyeleg, men brukt som substantiv blir det bøygd som eit substantiv, i kasus, numerus og possessiv (tom «ung», tomjas «dei unge»). Partisipp blir brukt adjektivisk.

Verb[endre | endre wikiteksten]

I komi blir verba bøygd i person, tal (singularis og pluralis), tempus (presens, preteritum og futurum).

Negasjonsverbet blir bøygd i tempus, slik som i sørsamisk.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Komi høyrer til dei permiske språka, og utgjer i lag med komipermjakisk den eine greina av denne språkfamilien. Den andre er udmurtisk, som blir snakka lenger sør, og som i lang tid har vore under påverknad av tyrkiske språk.

Røttene i dei fleste uralske ord er av forma CVCV, som i finsk suoni «blodåre». I komi har desse ofte gjennomgått apokope, siste vokal er borte, som i komi sən. Ei anna språkleg endring er at ordfinal l har vorte til v, slik at ordet for språk, som på finsk er «kieli», på komi er kʉv.

Morfologien til komi og komipermjakisk veks, dei har fått fleire nye kasus dei siste tusen åra.

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Komi er etter ungarsk det uralske språket med dei eldste skriftlege kjeldene.

Døme[endre | endre wikiteksten]

komi nordsamisk finsk
1 öтик okta yksi
2 кык guokte kaksi
3 куим golbma kolme
4 нёль njeallje neljä
5 вит vihtta viisi
6 квайт guhtta kuusi
7 сизим čieža seitsemän
8 кöкъямыс gávcci kahdeksan
9 öкмыс ovcci yhdeksän
10 дас logi kymmenen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediakomi