Komiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Komiar er eit folk som hovudsakleg bur langs dei store elvene som renn ut i Barentshavet på vestsida av Uralfjella i europeisk Russland. Dei fleste komiane bur i Republikken Komi, men det er også komiar på Kolahalvøya, i Arkhangelsk oblast, i Nenetsia og på austsida av Uralfjella, i Sibir.

Komiar i Republikken Komi

Komipermjakkane, komiar som snakkar komi-permjakisk, bur i Perm kraj, sør for Republikken Komi.

Ved folketeljinga i Russland i 2010 registrerte 228 000 menneske seg som komiar og 94 500 som komi-permjakar. 156 000 menneske snakka komi, 63 000 komi-permjakisk.[1] I følgje den sovjetiske folketeljinga frå 1989 var det i Sovjetunionen 344 519 komiar, av dei hadde 242 515 komi som morsmål. Etter Silver-formelen er ca. 8,3 % av komiane einspråklege, ca. 62,1 % er tospråklege med komi som morsmål, ca. 5,6 % er tospråklege med russisk som morsmål, og ca. 23,9 % er einspråklege med russisk som morsmål.

Komiane levde opphavleg hovudsakleg av jordbruk og skogbruk, og nord for dyrkingsgrensa av reindrift. I takt med industrialiseringa det siste hundreåret arbeider også mange komiar i industrien.

Komiane vart kristna tidleg, på 1300-talet, av misjonæren Stefan av Perm, som omsette delar av Bibelen til komi, og som utvikla eit eige alfabet, abur, for å skrive komi.

Etter ein teori skal Bjarmland og bjarmane vere komiar, etter namnet på området Perm.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]