Kumle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Komle)
Kumle er ein matrett som òg er kjend som potetball, raspeball, raspekake, klubb eller kumpe. Namnet på matretten varierer etter talemål og landsdelar i Noreg. Matretten vert laga til av raspa poteter som saman med mjøl vert knadd til ein ball. Kumlene vert så kokt.
Kumler kan serverast saman med ulike typar kjøt og pølser. Ein kan òg ha noko inni kumlene når ein lager dei, såkalla «kumle med dott i». Det kan vera at ein har inni ein bit flesk eller kjøt. Somme et retten saman med kålrabi, nokon likar å ete dette med sukker, sirup eller duppe.
Gamle kumler kan varmast opp att ved å steikast. Då vert dei ofte servert i små steikte bitar saman med steikte pølser.
Ikkje-norske slektningar av potetballen er tysk Knödel og italiensk gnocchi.
[endre] Sjå òg
- Den svenske retten kroppkaka