Komm, du süße Todesstunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Komm, du süße Todesstunde
BWV 161
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1716
Første framføring 27. september 1716
Publiseringsdato 1887
Typisk lengd 19:01
Satsar 6

Komm, du süße Todesstunde, BWV 161, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1716 for kyndelsmesse og den 16. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt ein ukjend dag i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Christoph Knoll (sjette sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Befiehl du deine Wege». Denne melodien vart opphavleg komponert av Hans Leo Hassler som den verdslege kjærleikssongen «Mein G’müt ist mir verwirret von einer Jungfrau zart», trykt i 1601.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to blokkfløyter, strykarar, orgel continuo, samt to songsolistar (alt, tenor) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Komm, du susse Todesstunde», Arie for alt
  2. «Welt, deine Lust ist Last», Resitativ for tenor
  3. «Mein Verlangen ist, den Heiland zu umfangen», Arie for tenor
  4. «Der Schluss ist schon gemacht», Resitativ for alt
  5. «Wenn es meines Gottes Wille», Koral
  6. «Der Leib zwar in der Erden», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]